LÆREPLASS I HELSEARBEIDARFAGET
Helsefaglærling startar praktisk opplæring ved ein av sjukeheimane i herade. Vidare skal lærling ha praksis i heimetenesta og i fellesbustad for menneske med nedsett funksjonsevner. Det fleste lærlingane får også tilbod om
praksis ved Voss sjukehus.
Tilsetjing fortløpande
Arbeidsoppgåver
Ved ordinært læreløp på to år skal du som lærling innom fire ulike avdelingar/områder. I tillegg til praktisk opplæring
må du også arbeida med teoretiske oppgåver.
Me søkjer
Lærling som ynskjer å ta fagbrev i helsefag
Som har bestått teoretisk eksamen i alle aktuelle fag
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Me tilbyr
- godt tverrfagleg og sosialt miljø ved dei ulike avdelingane
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- gode vilkår for fagleg utvikling og læring gjennom læretida
Søknad
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Voss kommune og Granvin herad slo seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad