Ferievikarar sektor omsorg helse og sosial
Omtale av stillinga
Er du ung, gamal, energisk med kjappe steg? Lyst å gjera ein forskjell for nokon som treng deg?
Ynskjer du å tene pengar så du er rusta for studentlivet, eller treng du nokre ekstra kroner for å susa i sivet?
I ferien må fleire hender til, så våre flinke tilsette kan få seg ein kvil.
Vi har ledig arbeid med eldre, rus og psykiatri, men kanskje arbeid med menneskje med funksjonsutfordringar er meir din sti?
Kjenner du eit kall i høve det å hjelpe til, send ein søknad, så ser me kva me får til.
Einingane i sektoren treng ferievikarar sommaren 2023 - i perioden 19.06.22 til 21.08.22. Det vil vera trong for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar, kokk og assistentar i institusjonane og heimetenester. For dei fleste stillingane er det turnusarbeid med arbeid kvar 2.helg, kveld/dagvakter og reine nattevakter. Ein vil leggja vekt på at søkjar er fleksibel og har evne til samarbeid. Tidlegare erfaringar innan feltet er positivt, men intern opplæring vil bli gitt. Vi ber om at du i søknaden opplyser kva tidspunkt du er til disposisjon, og dine ynskjer for friperiodar. Dei som kan arbeida i meir enn 5 veker vil bli prioritert. Me tilsett sommarvikarar fortløpande, så ver tidleg ute med søknad. Det er størst behov for vikarar frå 1 juli til 13. august, og dei som kan arbeide i denne perioden vert og prioriterte. Søkjarar bør vera over 18 år. Vi ber deg oppgje i prioritert rekkefølgje kva eining du ynskjer å jobba i. Om du allereie har arbeid i ei eining, så tilrår me å søkje i same eining, då det ikkje vert gitt permisjon for å arbeide ferievikar i anna eining.
Førarkort kl. B er naudsynt for ein del av arbeidsfelta.
https://www.buisunnhordland.no/bu-i-sunnhordland/sunnhordlandsfilmen/
Vi søkjer
Husnestunet har 3 sjukeheimsavdelingar fordelt på samhandlingsavdeling, demensavdeling. og somatisk. Vi har ledige ferievikariat på alle dei 3 sjukeheimsavdelingane og nattevakttenesta for institusjon og heimeteneste i Husnesområdet.
Kontaktperson: Anne T. Rørdal
Halsnøytunet har ledig vikariat innanfor følgjande avdeling/område: Korttid- og langtidsavdeling, demensavdeling, bufellesskap, nattevakt og heimetenester.
Kontaktperson: Anne Tangen Rørdal
Rosendalstunet har 6 avdelingar fordelt på rehabilitering, korttid, langtid og demensavdeling. Me har ledig ferievikariat på alle avdelingane og nattevakttenesta for institusjonen og heimetenesta i Rosendalsområde.
Kontaktperson: Tone Tufta Gaugstad
Heimetenester Nord består av Ølve Alderspensjonat inkl. heimesjukepleie på Ølve, Hatlestrand, Varaldsøy og frå Mauranger til Uskedalen og Åkra. Oppmøtestad på Rosendalstunet, og BPA-brukarar i same geografiske område.
Kontaktperson Ellen Korsvold.
Heimetenester Sør har ledig vikariat innan følgjande område: Heimesjukepleie, heimehjelp, og bufellesskap.
Kontaktperson Sigurd Næss.
Bu- og habilitering består av bufelleskap i Rosendal, Uskedalen, Herøysundet og på Husnes. Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, aktivisering og sosial opplæring i daglege gjeremål med vaksne personar med funksjonshemmingar. Har medlevarturnus og turnus med lange vakter.
Kontaktperson Hilde Bakkebø.
Rus- og psykiske helsetenester har ledig vikariat som er knytt til oppfølgingstenesta på Husnes og to bufellesskap; Utsikten på Valen og Borgjo i Rosendal. Ordinær turnus, langvakter og medlevarturnus.
Kontaktperson Linn S. Hellås.
Hovudkjøkkenet Husnestunet treng vikar heile, evt deler av ferien.
Kontaktperson Finn Ove Solberg.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Link til søknadsskjema: Søk her