Vegforvalting - Vikariat
INV - Forvaltning Vestland, Vestland fylkeskommune
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Ingeniør
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst til å utgjere ein forskjell og sørge for trygge kvardagsvegar og levande tettstader?
Ein av våre medarbeidarar skal ut i permisjon og vi har derfor ledig vikariat hos Vegforvaltning Vestland. Dette er ei stilling for deg som er samfunnsengasjert og liker varierte arbeidsoppgåver.
Vegforvaltning Vestland tek vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Dette inneber varierte oppgåver som; handsaming av søknadar knytt til dispensasjonar frå byggjegrenser, avkøyrsler, graveløyve og skilt- og oppmerkingsplanar. Vi utførar også vegfaglege vurderingar av arealplanar med særleg fokus på trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremje regional utvikling.
Kontorstad er fortrinnsvis Førde eller Leikanger. Voss eller Odda kan vurderast.
Oppgåver til stillinga vil vere sakshandsaming etter veglova og plan og bygningslova. Vestland fylkeskommune er ein viktig samfunnsutviklar i form av å legge tilrette for utvikling samstundes som vi skal ivareta våre interesser på vegne av innbyggerane. Vi skal sikre at fotgjengarar, syklistar og køyrande kan kome seg fram på ein trygg måte. Vi ser etter deg som er god på samarbeid, kan arbeide sjølvstendig og likar varierte arbeidsoppgåver. Kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel. Med deg på laget er vi fleire samfunnsengasjerte og inkluderande medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver knytt til trafikkteknikk
- Sakshandsaming etter veglova og plan og bygningslova
- Handsaming av søknader knytt til øvrige forvaltningsoppgåver for fylkesveg og fylkeskommunal eigedom.
- Samarbeid med blant anna offentlege etatar, entreprenørar, rådgjevingsselskap og private aktører.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå.
- Kandidatar med erfaring som trafikkpedagoger eller liknande
- Ønskjeleg med kjennskap til veglova og Statens vegvesen sine handbøker.
- Ønskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova.
- Førarkort klasse B.
- Dokumentert relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeid og kommunikasjonsevner.
- Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
- Høg arbeidskapasitet og likar varierte oppgåver.
- Løysningsorientert og kan bygge tillit.
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
- Fine kollegaer, engasjerande og sterkt fagmiljø.
- Kompetanseheving, fagsamlingar og sosiale arrangement.
- Fleksibel arbeidstid og sommartid.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn og stillingstittel etter avtale
- Lengde på vikariat: 1 år frå tilsetjingsdato.
- Moglegheit for forlenging eller fast stilling
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Nes, Seksjonsleiar, 91888033Arbeidsstad
Fjellvegen 116800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4862088592
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2773094
- Hentet fra
talentech
- Referanse
992b5aa4f19b446e9576c63b67aa603b