Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar Folkestadtun
Volda kommune, Heimeteneste
Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar Folkestadtun
Oppstart
2. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene er helse og omsorgstenester retta mot bebuarane ved Folkestadtun omsorgsbustadar. Dette bygget har 10 leiligheiter for eldre. I tillegg har turnusen ein del dagvakter med heimetenesteoppdrag til heimebuande i distriktet.Som helsefagarbeidar vil du møte brukarar med ulike behov. Du har ansvar for å observere og dokumentere brukarane sin tilstand og i samarbeid med andre helsepersonell iverksette og følge opp naudsynte tiltak. Pleie og praktiske oppgåver vert utført ut i frå tiltaksplan for den enkelte brukar, det kan vere bistand til personleg pleie, forflytning, tilrettelegging for måltid med meir. I tillegg følger det med praktiske oppgåver i avdelinga som rydding, reingjering og anna. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og gi bebuarane eit godt innhald i dagen. Kvar enkelt tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø. Som helsefagarbeidar har ein også ansvar for å veilede pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Dokumentasjon i pasientjournal er også ein viktig del av jobben.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidarErfaring fra tilsvarende arbeid vert vektlagt
Må kunne norsk språk flytande både munnleg og skriftleg.
Må ha alminnelege datakunnskaper
Må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
Vi legg vekt på gode fagkunnskapar inkludert god observasjonskompetanse
Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, før oppstart i arbeid
Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
Likar å arbeide med eldreTrivast med å arbeide sjølvstendig
Er god til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og iverksette tiltak
Tek initiativ og ansvar
Har godt humør
Vi tilbyr
Løn etter tariff, stillingskode 4105/6583Sjølvstendig og variert arbeid
Høve til fagleg og personleg utvikling
Internundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma og NHI
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Ingeborg M.Håskjold, Seksjonsleiar, +47 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.noAnita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32 , anita.kristiansen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Dalsfjordvegen 42356120 Folkestad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4895236189
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 07.09.2025
Søknadsfrist: 19.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2809111
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d3cacc83ec5340ff9c16c1987b460a8f