Kantor/organist/kyrkjemusikar
Aukra Sokn
Skogvegen 1a, 6480 Aukra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kantor/organist/kyrkjemusikar
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. mars
Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 60 % fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i Aukra sokn.
Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.
Aukra kyrkje er ei åttekantkyrkje i tømmer frå 1835 og ligg på Gossen. Kyrkja har eit 17 stemmers pipeorgel med to manualar og pedal frå frå 1995, levert av Th. Frobenius & Sønner,
Arbeidsoppgåver
- Leie det kyrkjemusikalske arbeidet ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i
Aukra kyrkje. I tillegg kjem inntil 10 gudstenester i året i Julsundet. - Samarbeide med andre tilsette om trusopplærings-, konfirmant-, diakoni- og anna kyrkjelydsarbeid
- Rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan ta del i song- og musikklivet i kyrkjelyden
- Ha ansvar for konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med kollegaer, frivillige og sokneråd
- Følgje opp kyrkjelyden si kyrkjemusikalske verksemd i tråd med soknerådet sine planar og prioriteringar
- Vere rådgivar for sokne- og fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål
- Ha ansvar for tilsyn med og vedlikehald av kyrkja sine instrument og øvrige musikkutstyr
Kvalifikasjonar
- Kvalifikasjonskrav i samsvar med tenesteordning for kantorar eller minimum 3 års utdanning innan kyrkjemusikk. Anna musikalsk utdanning og erfaring kan også bli vurdert
- Søkar må ha allsidig orgel- og pianoferdigheit
- Må kunne meistre fleire musikksjangrar, vere komfortabel med samspel og ha kunnskap og erfaring med korleiing
- Må ha evne til å organisere og gjennomføre prosjekt
- Må ha gode kunnskapar om norsk salme-, liturgi- og gudstenestetradisjon
- Må kunne norsk eller skandinavisk språk, munnleg og skriftleg
- Må være medlem av Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Interessert i, og open for, musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
- Initiativrik, engasjert og inspirerande
- Gode pedagogiske evner
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Grunnleggande datakunnskap
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
- Stort handlingsrom for skaping, samskaping og trivsel
- Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
- Pensjonsordning i KLP
Søknad og kontaktinformasjon:
- Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
- Søknadsfrist: 17.03.2025
- Prøvespel må påreknast
- Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf. Trussamfunnslova § 20
- Prøvetid: 6 mnd.
- Kontaktpersonar: Leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, e-post erlend.melby@korsvikbakken.com, tlf. 922 20 253 eller fung. kyrkjeverje Max Ingar Mørk, e-post max.mork@aukra.kommune.no, tlf. 951 85 921
Vi gjer merksam på at vi også har ledig 40 % stilling som kateket / kyrkjelydspedagog. Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane diskuterast.
Kontaktinformasjon
Erlend Melby, Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd, 922 20 253Max Ingar Mørk, Fung. kyrkjeverje, 951 85 921
Arbeidsstad
Skogvegen 1a6480 Aukra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Aukra SoknReferansenr.: 4924685047
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Max Ingar Mørk
Fung. kyrkjeverje
951 85 921
Erlend Melby
Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd
922 20 253
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2865783
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff0fbdcaf1d744b488094e6cff06e049