Sjukepleiar 90% - Rehabiliteringsavdelinga i pleie- og omsorgstenesta
"Varme og Vekst i Samspel" Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå Luranetunet sin facebook side eller heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no
Rehabiliteringsavdelinga har ledig : 90% fast sjukepleiarstilling
Stillinga er i 2-delt turnus med arbeid kvar 3.helg.
Arbeidsstad - Luranetunet
Rehabiliteringsavdelinga er ei ny korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga har spesialisert seg innan rehabilitering og har fleire fagpersonar innan dette fagfeltet. Som sjukepleiar på rehabiliteringsavdelinga vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag i eit godt faglig miljø, med god sjukepledekning. Du vil jobba tett saman med andre yrkesgrupper som helsefagarbeidar, ergoterapeut, fysioterapeut, logoped og lege. Vi har høgt fokus på å gje ein kvalitativ god teneste til våre pasientar og vektlegg tenester tilpasset den einskilde sine behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Interesse for rehabilitering
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk- høgare nivå)
- Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Eigenskapar
-Du er ein positiv, motivert, engasjert medspelar
-Du kan bidra aktivt til eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
-Du er nytenkjande og løysningsorientert, og du har evne til å jobba sjølvstendig
-Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner og likar å jobba i tverrfaglege team
-Du har interesse eller erfaring frå rehabilitering.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med fokus på fag, tverrfaglig samarbeid, pågangsmot og openheit
- Variert og spennande arbeidsplass med godt fagmiljø
- Fokus på fagleg- og personlig utvikling
- Arbeid i ei avdeling i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Vi ser fram til å høyra frå deg !
Slik søkjer du Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar. Obs! søknadsfrist på heimesida Os kommune er 19.08.19
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang. Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Om bedriften
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.