2.gangsutlysning: Barne- og ungdomsarbeider, Assistent
Syvde barnehage, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Kvia 36, 6140 Syvde
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider, Assistent
Oppstart
1. november 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ønskjer du ein spennande og meiningsfylt jobb, der du kan gjere ein forskjell for barna i barnehagen?
Syvde barnehage lyser ut ei midlertidig tilsetting på inntil 80 % som fagarbeider eller assistent med oppstart snarast og gjeldande ut barnehageåret 2024/2025, med moglegheit til forlenging.
Vanylven kommune oppfyller bemannings- og pedagognorma, og legg til rette for fagleg utvikling innanfor sektoren ved blant anna å tilby ein ekstra planleggingsdag for dei kommunale barnehagane.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene består av praktisk og pedagogisk arbeid med born i alderen 0-6 år, både sjølvstendig men også som del av eit team på avdelinga. Arbeidsoppgåvene er beskrive i stillingsinstruks og arbeidsrutiner i barnehagen.Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna særleg relevant fagbrev/erfaring kan kompensere.Ønskjeleg med erfaring frå tidlegare arbeid i barnehage.
Ønskje om kompetanse og erfaring med ASK, hørselsutfordringar, tospråklege barn og arbeide ein-til-ein.
Stillinga krev god kommunikasjonsevne på norsk.
Barnehagelova krev, ved anna morsmål enn norsk og svensk, at søkjarane må ha bestått minimumskravet. Kravet er A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing og munnleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Sjølvstendig, målretta og strukturert
- Positivt menneskesyn
- Gå godt i lag med barn
- Ønske om å lære, vidareutvikle seg i faget
I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse ved gode relasjonar og med mål om å meistre eige liv. Vi ynskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles barnehagesektor i utvikling.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus, med ein arbeidgivar som legg til rette for fagleg påfyll blant anna gjennom personalmøte og planleggingsdagar.
Kompetanseheving gjennom samarbeid med høgskulen i Volda, gjennom blant anna regional kompetanseheving for barnehagar.
Spennande og varierte kvardagar.
Moglegheit for eigenutvikling.
Godt samarbeid både internt i barnehagen og mellom barnehagane i kommuna.
Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
God pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Åsgunn Jensen Stewart, Styrar, +47 90801663Arbeidsstad
Kvia 366140 Syvde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4865851001
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.11.2024
Sluttdato: 11.07.2025
Søknadsfrist: 14.10.2024
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2756648
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f16ce8e22940474b96cacf31c4b9db74