Bilmekanikar/teknikar
Skogen Bil AS
Vågå
Om jobben
Stillingstittel
Bilmekanikar/teknikar
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Til verkstaden vår i Vågå søkjer vi
Bilmekanikar/teknikar
Du må ha godt humør, god arbeidskapasitet og ha kunden i fokus.
Som bilmekanikar/teknikar hjå oss vil du få utfordrande oppgåver med service og reparasjonar av mange slag. Vi er merkeverkstad for Citroën, Kia og nykomaren KGM, men har arbeid på bilar av alle merke. Vi søkjer deg som har fagbrev som bilmekanikar/bilteknikar og har nokre års erfaring frå yrket. Vi vektlegg god kompetanse innan bilelektro og hybridteknikk og er du godkjend som PKK-kontrollør får du ei ekstra stjerne. Er du rett person for jobben er det høgaktuelt med vidare utdanning og sertifiseringar av ymse slag.
Du blir ein del av ein flott gjeng i eit godt, travelt og fleksibelt arbeidsmiljø.
Vi held til i ei kommune som er rik både på kultur- og naturopplevingar om du vil.
Ring gjerne for ein uformell prat, eller send oss ein stutt søknad på epost med litt info om kven du er, så tek vi evt. kontakt.
Kontaktperson: Dagleg leiar Ola K. Skogen, tlf 911 82 273, firmapost@skogenbil.no
Søknadsfrist: 22. februar 2024
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.
Om bedriften
Skogen Bil AS er einaste forhandlar for Citroën og Kia i Gudbrandsdalen, nord for Lillehammer, samt ny forhandlar for KGM i heile regionen. Vi sel også mange bruktbilar i løpet av eit år og har ein moderne verkstad der vi utfører service og reparasjonar på alle merker og biltyper. Verkstaden, bilhallar og hovudkontor ligg i Vågå, og vi har eige salskontor og bilutleigeavdeling på Otta.
Firmaet har røter attende til 1989 da det vart etablert verkstad på tomta i Vågå, medan firmanamnet kom til i 2001. Vi vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2022 og har alltid fokus på at våre kundar og vårt nærområde skal trivast i lag med oss.
Som sjølvstendig bedrift i ei bransje som stadig blir meir prega av større aktørar og kjeder, er det ekstra artig å hevde seg både på salsstatistikkar og å få prisar for god handtering av kundar.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2551405
- Sist endret
23. februar 2024
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4323190