Sjukepleiar/Vernepleiar
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene.
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med snarleg tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktivitetar i forhold til demensomsorg/alderspsykiatri, med fokus på ei personsentrert omsorg, primærkontaktansvar og samarbeid med pårørande.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med praksis frå demensomsorg/alderspsykiatri.
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må ha interesse for demensomsorg/alderspsykiatri og kunne formidle tryggleik og ro.
- Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst medarbeidar med evne til samarbeid, som kan jobbe både sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stillinga er organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Andrea Kandal, Konst. avdelingsleiar Gotatoppen, +47 94989709Eva Skrivervik-Alme, Konst. tenesteleiar Bu og omsorg, +47 48894818
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4862497101
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2024
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2748495
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ab599d7d2d04338b4b0879deceaa71f