Butikksjef
Jobbnorge ID: 165711
Butikksjef
Vi treng sjef til vår butikk. Tenesta er for tida i Måløy, og vi ser etter ein dyktig person med leiarerfaring, aller helst frå butikk. Vi er dessutan opptekne av at du er god til å samarbeide, og at du vil klare å få det beste ut av medarbeidarane i butikken. Det er ein fordel om du har økonomisk utdanning ut over treårig vidaregående skule, og vi krev at du har grunnleggande datakunnskap. Det er ikkje eit vilkår at du har varefagleg kunnskap, men du må vere interessert i å lære om produkta våre.
Dine hovudoppgåver vil vere:
- Resultat-, budsjett- og nøkkeltalansvar; butikksjefen har ansvar for at butikken oppnår faste måltal.
- Kompetanse- og ferdigheitutvikling; dette omfattar eigenutviklig og rekruttering, samt varefagleg opplæring og kompetanseheving i butikken.
- Personalansvar for butikken sine medarbeidarar; med mellom anna rekruttering og å sjå til at medarbeidarane oppnår fastsette mål.
Vi tilbyr
I Vinmonopolet vil du få høve til å gjere ein viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte og kompetente kollegaer i ei av Norges best likte verksemder. Hos oss får du høve til god varefaglegutvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Du vil også få tilgang til gode pensjons- og låneordningar gjennom Statens Pensjonskasse.
I vår organisasjon er det eit mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kontakt distriktssjef Brit Olaug Baarholm på telefon 979 72 039 dersom du vil høyre meir om stilling.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 22. mars 2019
Derson du har problem med å sende elektronisk søknad, kan du ta kontakt med Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du vert innkalla til intervju.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Vinmonopolet er samfunnets viktigaste verkemiddel for ansvarleg sal av alkohol, organisert som netthandel, butikkjede og kundesenter med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl over 4,7 prosent. Vi har om lag 2000 tilsette, og over 330 butikkar over
heile landet. Vinmonopolets visjon er å vere ønska av alle, gjennom å tilby Norges beste kundemøte prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med fleire enn 21 000 produkt. Omsetnaden i 2017 var 16,8 milliardar norske kroner.