Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Ålesund kommune har ledige stillingar som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er ikkje avgjort kor læreplassane blir enno, men søkarar kan gjerne skrive i søknaden kor dei primært ønsker læreplass. Læreplassane er i t.d. barnehagar, skule og SFO.
Det er fleire ledige læreplassar.
I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon:
- Referanse frå lærar vg2 + kontaktinfo til lærer.
- Kopi av karakterprotokoll frå vg1
- Kopi av karakterprotokoll frå 1. termin – vg2
Arbeidsoppgåver
Barne- og ungdomsarbeidaren legg til rette og vel formålstenlege pedagogiske metodar i arbeid med barn og unge i alderen 0 – 18 årSentrale arbeidsområde er:
- planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
- legge til rette for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
- bruk av forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
- kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
- samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- grensesetting, konfliktløysing og å vere ein tydeleg vaksen
- dokumentere opplæringa i olkweb
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått vg1 Helse- og oppvekstfag
- Fullført og bestått vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Legge fram politiattest ved tilsetjing.
- Løyve til å bu og arbeida i Noreg.
Personlege eigenskapar
- Interessert i å jobbe med barn og unge
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Positiv, engasjert og omsorgsfull
- Lærevillig og initiativrik
- Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
- Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
- Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
- Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
- Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora
Kontaktinformasjon
Martine Eksund, Dagleg leiar - SKO, 70 16 41 92Marit Håhjem Volstad, Dagleg leiar - NÅOpp, 907 97 267
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116002 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde OrganisasjonReferansenr.: 4602598171
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.03.2023
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.