Innovasjonsrådgiver for Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal
Interkommunalt politisk råd For Nord-Gudbrandsdal
Skansen 7, 2670 Otta, Hybridkontor
Om jobben
Vi lyser ut 100% fast stilling som rådgjevar for Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal med ansvar for tilrettelegging av avtalebaserte, interkommunale samarbeid om ulike tenester (INSAM) og vår vidare satsing på innovasjon.
Stillingstittel
Innovasjonsrådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Ønskte kvalifikasjonar- God kjennskap til offentleg sektor og et breitt samfunnsengasjement
- Erfaring med sakshandsaming
- Utdanning på bachelor- eller masternivå. Særleg relevant praksis kan kompensere for formell utdanning
- Kunne initiere og styre prosessar og prosjekt
- Ha ei uttalt serviceinnstilling
- Gode digitale ferdigheiter og erfaring med sosiale media
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Arbeidsoppgaver
Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen (IPR) har i perioda 2019-2023 gjennomført ei prosjektbasert satsing for å styrke innovasjonsarbeidet i dei 6 kommunane i regionen. Dette arbeidet blir no vidareført på permanent basis. Parallelt med innovasjonssatsinga er det i 2023 etablert ein ny struktur og ei ny plattform for det avtalebaserte, interkommunale samarbeidet om ulike tenester -- forkorta INSAM.
Arbeidsoppgåver- Hovedansvar for innovasjons- og utviklingsarbeidet forankra i 4-årig strategiplan og årlege handlingsplanar for IPR
- Legge til rette årshjulet for oppfølging av Handbok og Viljeserklæring for interkommunalt samarbeid (INSAM) i tett samarbeid med kommunedirektørane
- Akkvisisjon av eksterne midler til innovasjons- og utviklingsarbeid
- Saksutgreiing og sakshandsaming i samarbeid med dagleg leiar
- Du vil rapportere direkte til dagleg leiar og arbeide i grensesnittet mot kommunedirektørane og sektorleiarane i kommunane
- Stillinga føreset brei kontakt med fylkeskommunale og statlege miljø, verkemiddelapparatet og akademia
- Arbeidsoppgåvene har stor politisk merksemd både i regionen, i fylkeskommunen og på statleg nivå
Vi tilbyr
Vi tilbyr- Ei fleksibel stilling der du arbeider med kjerneoppgåver for kommunesektoren
- Løn etter avtale
- Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om bedriften
Frå 2021 vart Regionrådet Nord-Gudbrandsdal, med heimel i kommunelovas kapittel 18, omgjort til "Interkommunalt politisk råd for Nord-Gudbrandsdal (IPR for Nord-Gudbrandsdal). Det er eit samarbeidsorgan mellom kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja samt Innlandet Fylkeskommune.
Visjon
Vår visjon er at Nord-Gudbrandsdal skal vera ein attraktiv og endringsviljug region. Vi skal vise nødvendig vilje til endring for å sikre eit stabilt og godt tilbod av velferdstjenester, gode rammebetingelser for næringslivet og positiv samfunnsutvikling.
Hovedmåla våre er å gjere regionen god på forskning og innovasjon, ha fokus på ei berekraftig forvaltning -- som gjev utvikling og nye arbeidsplasser, samt styrke regionens attraktivitet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2663169
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
487df42c-0747-4205-b059-77fd676570c9