ID 961 Barnehagelærar 100 % vikariat Svingen Barnehage
Svingen barnehage, Fitjar kommune
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. mars
Frå snarast er det ledig eit års vikariat 100 % stilling som barnehagelærar i Svingen barnehage med høve til forlenging om det blir naudsynt. Dersom den ein er vikar for skulle komme tilbake så kan ein bli sett inn i vikariat i ein av dei kommunale barnehagane i kommunen.
Svingen barnehage ligg like utanfor Fitjar sentrum. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til turområde i utmark, skog og fjell. Barnehagen er nyleg bygd med moderne fasiliteter.
Me søkjer etter medarbeidarar som har:
-
3-årig barnehagelærarutdanning
-
Kunne ta del i det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og vera med på å motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna
-
Har stor interesse for friluftsliv og evne til å engasjera barna i utandørs aktivitetar
-
Er ein positiv lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Kan bidra til at barn opplever meistring og glede i kvardagen
-
Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
-
Er fleksibel, viser arbeidsglede og har god relasjonskompetanse
-
Har evne og vilje til å engasjera deg i leiken på det nivået barna treng deg
-
God IKT kompetanse
Me kan tilby:
-
Personleg og fagleg utvikling
-
God offentleg tenestepensjon i KLP
-
Løns- og avtalevilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Spørsmål kring stillinga kan rettast til etatssjef for oppvekst og kultur André Sæthre, telefon 400 43 230.
Kontaktperson for stillingen
André Sæthre
Etatssjef oppvekst og kultur
400 43 230
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta
Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.
Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)
www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2861510
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
484f54a4-bd15-408b-b6b6-dc8e530ea9d7