Me ønskjer deg som rektor hos oss!
Sirdal kommune har ledig stilling som rektor ved Tonstad skule.
Me søkjer etter deg som er motivert, målretta og har eit ekte engasjement for å jobba mot visjonen i Sirdalsskulen: "Ein god stad å vera, ein god stad å læra".
Tonstad skule er ein fulldelt, kombinert skule med om lag 200 lærelystne og flotte elevar, og dyktige og engasjerte tilsette.
Fullstendig utlysning finn du på www.sirdal.kommune.no
Søknadsfrist: 2. april 2019