Ledige undervisingstillingar - Sogn Jord- og Hagebruksskule
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).
Arbeidsoppgåver
Frå 1. august 2024 har skulen ledige desse faglærarstillingar:
20% stilling faglærar Norsk Yrkesfag Vg2
30% stilling faglærar Gardsdrift Vg3, forvaltning og drift Vg2, med hovudvekt på rekneskap og landbruksøkonomi
20% stilling faglærar Yrkesfagleg fordjuping Vg2 (foredling) og Naturbasert Næringsutvikling Vg3
15% stilling faglærar Yrkesfagleg fordjuping Vg2 (drift og vedlikehald)
Ansvars- og arbeidsområde
- ansvar for undervisning for gjeldande fagområde
- aktiv deltaking i tverrfaglege team
- aktiv i utviklingsarbeid innan fagområde
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk og fagleg utdanning innan fagområdet
- relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
- kunnskap og engasjement for økologisk landbruk
Personlege eigenskapar
- interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling- gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
- strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
- god kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
- interesse for å dele kunnskap med kollegaer
- utviklingsorientert innafor eige fagområde
Vi tilbyr
- triveleg arbeidsmiljø
- fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår
Kontaktinformasjon
Børre Solberg, rektor , 41219505, borre.solberg@vlfk.noArbeidsstad
Skulevegen 245745 Aurland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4772431601
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 07.04.2024