Psykologspesialist
Utgreiing og behandling psykisk helse Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkveien 84, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon for Utredning og behandling har ledig ei fast stilling som psykologspesialist!
Seksjonen har ansvar for ca. 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Som psykologspesialist i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri) samt legar i spesialisering i psykiatri.
Seksjonen tar imot både frivillige og tvangsinnleggingar og stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar. Vi har legar i spesialisering(LIS1/LIS3) i seksjonen slik at utdanning og videreformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på eit godt arbeidsmiljø og ein hyggeleg stad å jobbe. Seksjonen tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger.
Hausten 2024 flytter seksjonen inn i nye, fantastiske lokaler i Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Vil du bli med på laget? Send oss ein søknad!
Vi treng ein psykolog som vil vere hos oss over lengre tid for å kunne følge lange behandlings-og rehabiliteringsprosessar og skape eit godt og trygt miljø både for pasientar og tilsette. Som tilsett hos oss må du vere ein lagspelar. Vi arbeider tett i team med miljøtilsette. Vi har mange erfarne miljøterapeutar som gjerne deler sin kunnskap med deg. Du blir ein fagleg «spydspiss» som kollegaer kan støtte seg til og bli rettleia av. Du vil få god rettleiing og opplæring av erfarne psykologar som er tilsette her ved sjukehuset eller andre sikkerhetsseksjonar i regionen.
Arbeidsstad vil vere på Hjelset der det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast. Som tilsett hos oss vil du delta i vidareutviklinga av sikkerhetsseksjonen og planlegging på innhald i psykiatritilbodet i det nye sjukehuset. Målet vårt er å gi pasientane ei god og framtidsretta behandling og helseteneste.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
- Internt samarbeid og rettleiing
- Eksternt samarbeid og undervisning/ rettleiing
- Pårørandesamtalar
- Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
- Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Godkjent vidareutdanning som Psykologspesialist
- Psykologar som ikkje er ferdig spesialist og psykologar utan spesialisering kan òg søkje
- Må inneha norsk autorisasjon som psykolog
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
- Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksem
- Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
- Må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
- Du er nytenkjande, endringsorientert og ansvarsbevisst
- Du har vilje til å bidra til å styrkje eigen og andre sin kompetanse
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
- Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du må ha god fysisk og psykisk helse
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Bente Lid Sorthe, Seksjonsleder, +47 99214135Arbeidsstad
Parkveien 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4842316278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.08.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2716063
- Sist endret
28. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5934c5c93e214cb5b4f4261e1c9ced31