Barne- og ungdomsarbeidar
Gulen kommune
Dalsbygda 68, 5960 Dalsøyra
Om jobben
Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% mellombels barne- og ungd.arb. 24/25
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, har ledig i inntil 100% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå etter avtale (oppstart kring medio august 2024) og eitt år fram. Mogleg med omgjering av heile eller delar av stillinga til fast tilsetjing etter endt periode. Stillinga er i utgangspunktet planlagt med oppgåver knytt til SFO og skule, men det kan også vere aktuelt med oppgåver innan barnehage. Stillinga har ikkje komprimert arbeidstid.
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule, inkludert SFO, og to barnehagar, ein på Dalsøyra og ein i Hovden. Sjå www.dalsoyra.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
- Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
- Andre oppgåver etter behov
Arbeidsoppgåvene/- områda vil variere alt etter om oppgåvene er knytt til SFO, skule, barnehage eller med enkeltborn. Det vil også kunne vere ulikt krav til sjølvstendig oppgåveløysing avhengig av om ein jobbar på SFO, skule eller i barnehagane. Til dømes vil fagarbeidaren i større grad ha i oppgåve å planlegge aktivtetar når ein er åleine som vaksen ved SFO, enn når ein jobbar saman med fleire vaksne/ulike yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert, men då utelukkande til mellombels stilling.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men kan også vere spontan i møtet med borna
- Er fleksibel og har gode samarbeidsevner, samstundes som ein kan arbeide sjølvstendig
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2699079
- Sist endret
1. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10218415