Er du ein jurist som kan tenkja deg å jobba med personskattlegging?
Brukerdialog, Skatteetaten
Stålhaugen 11, 6065 Ulsteinvik, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Jurist innen Skatt person
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Er du jurist og ønskjer å jobba med eit stort og spennande rettsområde og har du interesse for god offentleg forvaltning og godt språk, då kan du vera den me ser etter.
Me søkjer no etter to juristar til kontoret vårt i Ulsteinvik.
Kontoret har ansvar for å sikra kvalitet på fastsetjing av skatt og avgift overfor personleg skattepliktige, og dessutan kontroll av område med risiko for manglande etterleving av skatte- og avgiftsreglane. Oppgåveløysinga er landsdekkjande. Kontoret har også ansvar for publikumsrettleiing og ID-kontroll.
I Ulsteinvik finn du 15 dyktige medarbeidarar med ein variert fagbakgrunn. Fire av medarbeidarane våre er juristar. På kontoret vil du vil bli ein del av eit stolt fagmiljø, du vil også bli med i eit dyktig og ekspanderande juridisk fellesskap. Hovudoppgåvene dine vil i dag vera klagesaksbehandling og juridisk bistand til saksbehandlarar.
Du vil jobba med eit dyktig og engasjert fagmiljø i ryggen. Du blir også ein pådrivar for å utvikla skatteområdet slik at det skal bli endå enklare for innbyggjarane i landet å handla rett. I tillegg til å samarbeida med kollegaene dine i Ulsteinvik, får du høvet til å jobba landsdekkjande med mange ulike menneske og fagområde på tvers av kontor over heile landet.
Samfunnet er i konstant utvikling og me jobbar der bruker, digitalisering og offentleg forvaltning møtest. Du må ha interesse for samspelet mellom digitalisering, juss og brukar.
Kva går jobben ut på?
Du kjem til å jobba i tverrfagleg team, både internt i gruppa og saman med kollegaer over heile landet. Oppgåver vil vera:
- behandling av klagesaker og anna saksbehandling
- kvalitetssikring, opplæring og anna støtte for kollegaer i komplekse saker
- munnleg og skriftleg kontakt med skattepliktige
- andre oppgåver må påreknast
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du har:
- master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- ein godt utvikla juridisk metode som gjer at du set deg raskt inn i nye problemstillingar, og kvar du evnar å løysa desse med eit godt skjønn
- digital kompetanse, der du set deg inn i nye system raskt, du ser moglegheiter med nye digitale verktøy og korleis digitaliseringa kan påverka rettsbruken
- erfaring med eller interesse for skatteforvaltning og skatterett
- erfaring med eller interesse for økonomi og rekneskap
Kva ser me etter hos deg?
Me ser etter ein jurist med positiv innstilling og evne til å kommunisera godt med menneske på tvers av fagfelt.
Hos oss jobbar me tett i team, og me treng innsatsen din for å halda fram med å lykkast saman. Du har evna til å sjå oppgåvene dine i eit større perspektiv og samarbeider godt på tvers av ulike fagområde.
Me legg stor vekt på fagleg utvikling og ønskjer å vera leiande innan vårt felt. Derfor søkjer me deg som er nysgjerrig, utviklingsorientert og som aktivt bidreg til både din eigen og den faglege veksten til kollegaene. Då kan du vera den me leitar etter!
Kvifor skal du velja oss?
Høyrest det interessant ut å jobba ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur me du vil trivast hos oss! Me kan freista med høvet til å jobba med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobba tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store høve til å planleggja eigen arbeidsdag. Du vil også få store høve til å bidra inn i prosjekt, engasjera deg i grupper og utvikla deg i skattefaget.
Hos oss får du rammar som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trena litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no.
Me veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksla mellom å jobba heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil me sjølvsagt leggja til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lèt seg gjera.
Du blir tilsett som skattejurist/ seniorskattejurist, med ei årslønn mellom 580 000 - 850 000 kr., avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månadene blir rekna som prøvetid.
Verd å merka seg før du søkjer
Me bruker ikkje søknadsbrev: Me verdset erfaringane og kompetansen dine høgare enn di evne til å skriva ein jobbsøknad. Det er derfor fint om du sender oss ein god og beskrivande CV som framhevar kvalifikasjonane dine for stillinga. Du treng ikkje å skriva eller leggja ved eit søknadsbrev. Me set pris på om du legg ved vitnemål/karakterutskrifter og relevante attestar.
Omvend referansesjekk: For å sikra at du kjenner deg trygg i valet om å jobba hos oss, tilbyr me ein omvend referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga vil du få tilbod om å kontakta nokre av medarbeidarane våre, slik at du kan stilla dei spørsmåla du måtte ønskja, for finna ut om me er ein god match.
Mangfald og likestilling: Me er på jobb for alle og skal vera ein god stad å jobba for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår og me har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn vil me oppmoda deg til å kryssa av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Me kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleg søkjarliste: Ver merksam på at namnet ditt vil visast på ei offentleg søkjarliste når du søkjer jobb hos oss. Du kan be om unntak frå denne lista ved å gi ei grunngiving, og me vil vurdera førespurnaden din nærare.
Bakgrunnssjekk: Me gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar, og verifiserer utdanning og arbeidserfaring.
Kontaktinformasjon
Jim Robert Torbjørnsen, underdirektør, 91751051Cathrin Lid Heilund, Seniorskattejurist, 99459065
Arbeidssted
Stålhaugen 116065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: SkatteetatenReferansenr.: 4857225062
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Jim Robert Torbjørnsen
underdirektør
91751051
Cathrin Lid Heilund
Seniorskattejurist
99459065
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2747759
- Sist endret
1. oktober 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e0653966d85045f093ff4797f78be094