Klubbmedarbeidar ved Ungdomens kulturhus Gapahuken- 16% fast stilling
Som klubbmedarbeidar har du ansvar for å planlegge, gjennomføre og drive klubbtilbodet i Ungdomens kulturhus Gapahuken. Du jobbar på lag med aktivitetsleiaren og frivillige ungdomar, der me har stort fokus på ungdomsinvolvering og medverknad.
Klubben sitt mål er å skape inkluderande møteplassar og alternative fritidsaktivitetar for ungdom. Du som søkjer bør ha eit brennande engasjement for ungdom og ungdomskultur, og god evne til å kommunisere med ungdom. Me søkjer ein person som er tolmodig, fleksibel, spontan, kreativ og entusiastisk, som også er ryddig, tydeleg og ein god rollemodell for ungdomane våre. Du bør ikkje vere redd for å by på deg sjølv.
Stillinga har komprimert arbeidsår og følgjer skuleruta. Arbeidstid er i hovudsak fredag ettermiddag/kveld i skulevekene.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for drift av fredagsklubben
- Planlegging og gjennomføring av klubbaktivitetar
- Arbeide for å skape trivsel og eit godt, trygt og sosialt miljø på klubben
- Medverkingsarbeid
- Ta del i møter/personalmøte
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring frå arbeid med ungdom
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evnar å skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- Evnar å utvikle klubben sitt tilbod saman med andre tilsette og ungdomane
- Har god samarbeidsevne
- Utstrålar glede og tryggheit
- Evnar å arbeide sjølvstendig, og er pliktoppfyllande og påliteleg
Vi tilbyr
- Eit godt og kreativt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Øystein Skattebu, Kulturskulerektor og avdelingsleiar ung kultur, +47 41222840Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4805183709
Stillingsprosent: 16%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.