Sjukepleiar ved Interkommunale helsetenester
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Interkommunale helsetenester i Nordfjord omfattar Nordfjord legevakt/legevaktformidling, kreftkoordinator og Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD). Tenestene er organiserte som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stryn, Hornindal, Eid, Selje, Vågsøy og vert drive av Eid kommune. Arbeidsstad er Nordfjord sjukehus.
Interkommunale tenester har no ledig:
- 80% vikariat som sjukepleiar ved legevakt/legevaktformidling og ØHD frå 1. oktober 2019 til 25. august 2020.
- 25 % fast stilling som sjukepleiar helg
- 20% fast stilling som sjukepleiar helg
- 12% vikariat sjukepleiar snarast til 14.06.2020
Det er ynskjeleg at vikariatet på 12 % vert knytt til utlyst fast 20 % helgestilling.
Sjukepleierstudent kan søkje på helgestilling.
Stillingane ved legevakt/ØHD inneber turnusarbeid med helgevakt, per no langhelg to av sju helgar.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiarane ved dei interkommunale hesletenester arbeider i team og tett opp mot lege i vakt. Som sjukepleiar har ein mange spennande og utfordrande oppgåver og arbeider både på sengepost og med legevaktformidling. Nordjord legevakt er bemanna av fastlegane i Nordfjord. ØHD har også ansvar for å gje eit akutt-tilbod til pasientar med rusutfordringar og psykisk sjukdom. Det er derfor ein fordel med interesse og erfaring frå dette fagfeltet.
Krav til kompetanse
Vi søkjer offentleg godkjend sjukepleiar :
- gjerne med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus, vidareutdanning i akuttsjukepleie og erfaring frå akuttmedisin
- evne til å arbeide tverrfagleg og i team samstundes som ein er sjølvstendig
- positiv haldning og gode kommunikasjonsevner
- evne til å takle press frå ulike hald og samtidskonflikter
- gode datakunnskapar og kjennskap til EPJ-system
- evne til å gi råd og ta avgjerder ut frå Norsk index for medisinsk nødhjelp
- gode personlege eigenskapar
- god formidlingsevne munnleg og skrifttleg
Vi kan tilby
- spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiliø
- lønn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnusarbeid med langvakter to av sju helgar
Eid kommune har 6 månadar prøvetid.
For meir informasjon, ta kontakt med Grete Aud Totland, tlf. 958 19 005, e-post: grete.aud.totland@eid.kommune.no.
Vi ber om at du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden samt referansar. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast.
Søknadsfrist er 1. august 2019. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Grete Aud Totland, Mobil 958 19 005, Epost: grete.aud.totland@eid.kommune.no, Rådhusvegen 11
Om bedriften
Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival og Opera Nordfjord. I Eid vil du møte eit lokalsamfunn som skil seg ut frå hopen. Eid er stort nok til å gi deg rom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.