Ferievikarar innan helse og omsorg sommaren 2025
Kviteseid Kommune - helse og omsorg
Kviteseid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Lyst på ein spannande og meiningsfylt sommarjobb? Som gjev deg verdfull arbeidserfaring i tillegg til å nyte sommaren i vakre Kviteseid?
Stillingstittel
Omsorgsarbeider
Oppstart
16. juni 2025
Type ansettelse
Annet, deltid 99%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Hva vi ser etter
Me har behov for ferievikarar i perioden 16.06.25 - 10.08.25 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, Lundenjordet bufellesskap, legekontoret, kjøkenet og vaskeriet.
Det er ønskjeleg at søkjarar har fylt 18 år og kan jobbe i heile perioden. Ved Kviteseid omsorgssenter, Lundenjordet og i heimesjukepleia jobbar ein turnus og i snitt annankvar helg.
Vikarar i heimesjukepleia og heimehjelpstenesta må ha førarkort klasse B. Heimehjelpsvikarar må og disponere eigen bil.
Arbeidsoppgaver
Kviteseid kommune har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar, studentar/elevar, assistentar, kokk/kokkeassistent og vaskeritilsett.I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden. Sei frå dersom det er dagar du eventuelt ikkje kan jobbe. Søkjarar kan ikkje få fri i både veke 29 og 30. Me vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile perioden.
Vi tilbyr
Opplæring skjer fortrinnsvis før vikariatet startar. Grunnkurs i legemiddelhandtering for dei som har behov for det er 16.06.25.
Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som jobbar innan relevante fagområde blir løna etter lokal avtale.
Om bedriften
Spørsmål kan rettast til:
Lundenjordet bufellesskap: Einingsleiar Unni E. Øygarden, tlf. 90 25 16 83
Kviteseid omsorgssenter: Avdelingsleiar Helene Stensrud, tlf. 90 21 37 57
Heimetenestene (heimesjukepleia, heimehjelpstenesta og Midtsundtoppen dagsenter): Avdelingsleiar Monica Halvorsen, tlf. 90 92 03 15
Kjøken og vaskeri: Avdelingsleiar Kristian Verstod, tlf. 35 06 82 04
Kviteseid legekontor: Kommunalsjef Thormod Moi Felle, tlf. 92 33 66 94
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844812
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4751cd90-0de5-4478-93aa-8692bc486581