Ringevikarar og helgevikarar - Husnestunet institusjon
Omtale av stillinga
Vi søkjer ringevikarar og helgevikarar til stillingar i våre 3 sjukeheimsavdelingar inne på sjukeheimen. Me har ledige
13% vikariat med arbeid kvar 3 helg og treng til ein kvar tid personar som er interessert i å ta vakter på kort eller lengre
varsel.
Me brukar elektronisk system kor du som ringevikar kan søke på / eller få førespurnad om å ta vakt
Me ynskjer å tilsetje ringevikarar fortløpande og etter behov.
Vi søkjer
Vi søkjer etter deg som har interesse for og som søkjer praktisk erfaring innanfor omsorgsyrket. Erfaring og utdanning
frå liknande arbeid er en fordel, og intern opplæring vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er mellom anna stell, hjelp til mat, aktivitet for våre pasientar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Søknadsfrist 06.01.2022 Utlyst dato 30.11.2021 Vårref4186
Kontaktperson
Anne Tangen Rørdal, Einingsleiar, tlf: 90949750, mobil: 90949750, anne.rordal@kvinnherad.kommune.no
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og
handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev
naturtilhøve for friluftsliv heile året.