Barne og ungdomsarbeidar barnehageåret 2024/2025
Ørsta kommune har 7 kommunale barnehagar.
For barnehageåret 2024/25 kan det bli ledige stillingar som barne og ungdomsarbeidar, miljøarbeidar eller assistent. Både faste stillingar og vikariat.
Behovet vil vere avhengig av antal permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.
.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i barnehage med born, 0-6 år i tråd med sentral lov og forskrift og lokal rammeplan
- Legge til rette for gode leike- og utviklingsmiljø for borna
- Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
- Relevant praksis kan erstatte formell kompetanse
- Gode formidlingsevner både skriftleg og munnleg
- Kommunen nyttar nynorsk som målform
- Gyldig politiattest etter Barnehagelova §30 må leggast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Evne til å samarbeide godt med barn, tilsette og føresette
- Vere ein god rollemodell og like å vere aktiv i lag med borna både inne og ute
- Vere sjølvstendig, løysingsorientert, strukturert og fleksibel
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Meiningsfylt arbeid for deg som likar å arbeide i barnehage
Godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling der borna står i sentrum
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga er plassert i kap. 4. Stillingskode og lønsplassering vert fastsett ved tilsetting.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan vert kalla inn til intervju
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 479 03192, kari.flo@orsta.kommune.noReidun Mo, Rådgjevar barnehage, 47641489, reidujn.mo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4779726993
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap