Prosjektingeniørar maskin og elektro
Org. nr: - Stillingsident: 4063124102 Presentasjon av stillingen:
Ingeniørane på maskin- og elektroavdelinga i Ulstein Design & Solutions AS er ansvarlege for gjennomføring av prosjekt innanfor sine fagområde. Arbeidsoppgåvene går frå å assistere designavdelinga i konseptdesignfasa til å vere utførande fagressursar og fagleiarar i prosjektfasa. Avdelinga held til både i Ulsteinvik og i Gdynia i Polen.
Vi søkjer med dette to prosjektingeniørar, ein innanfor maskin- og ein innanfor elektrodisiplinen.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling og utarbeiding av skipssystem
- Berekning av systema sine kapasitetar
- Utarbeide layouts og arrangementsteikningar
- Sende dokumentasjon til våre kundar og klasseselskap, og følge opp dette
- Bidra til kontinuerlege forbetringar
- Vere med på å bidra til eit positivt og interessant arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Erfaring med teikneprogrammet AutoCAD
- Kunnskap og erfaring med skipssystem og maritim industri
- Kjennskap til klassereglar (DNV GL, ABS etc.)
- Erfaring med 3D-verktøy er ikkje påkrevd, men kan vere nyttig
- Høgskule/Universitet, Bachelorgrad, Mastergrad
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet
Personlege eigenskapar
- Evne til å kommunisere og uttrykke seg på ein tydeleg og positiv måte
- Vere løysingsorientert og kunne jobbe strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag
- Kunne handtere at planar og situasjonar endrar seg
- Vere bevisst på og ha ønske om kontinuerleg eigenutvikling
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
Language
- Norsk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling i eit internasjonalt og høgt kompetent miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Konkurransedyktig løn
- Fleksitidsavtale
Kontaktinformasjon
Trond Berg, HR Manager, (+47) 916 98 807, trond.berg@ulstein.com
Rune Hauge, Manager Machinery & Electrical Systems, (+47) 947 82 688, rune.hauge@ulstein.com
Arbeidsstad
6067 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein Group
Referansenummer:4063124102
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 19.05.2019
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke ulike skipsdesign og tilbyr komplette utstyrspakkar, engineeringstenester og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise til den internasjonale maritime marknaden.