Tilretteleggjar til vår produksjonsavdeling.
Kvito AS
Dalanvegen 4, 3850 Kviteseid, Kviteseid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
60% Tilretteleggar til vår produksjonsavdeling i Kviteseid
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker etter ein allsidig person som både er praktisk og kan bistå våre tilrettelagte tilsette på ulike områder med tilrettelegging av arbeidskvardagen. Stillingsbenevnelsen er tilretteleggar og storleiken på stillinga er i utganspunktet 60%. Vi ser etter eit omstillingsdyktig menneskje med erfaring frå arbeid med personar med nedsatt arbeidsevne, gjerne innan tilrettelagt arbeid eller relatert område. Det er viktig at du trivst med fysisk arbeid og likar å jobbe utandørs om det er behov for dette. Fagbrev innanfor ulike yrkesfag kan være ein fordel då vi jobbar med kvalifisering og kompetanseheving av blant anna ungdom.
Målgruppa for tilrettelagt arbeid er personar med nedsatt arbeidsevne av ulike grunnar og vi skal tilby eit tilpassa arbeid for ALLE.
Kvito sin visjon er "Arbeidsglede" og vårt verdi-grunnlag er tillit, toleranse og tryggleik.
Før tilsetting må det kunne framleggas politiattest.
Hovudoppgåver Kvito as tilbyr menneske med ulike behov ein tilrettelagt arbeidsplass. Stillinga har som hovudansvar å tilrettelegge arbeidsoppgåver for våre tilrettelagt tilsette i bedrifta, slik at dei opplever utvikling og meistring. I dette ligg at du har ansvar for utforming av arbeidsdagen slik at våre tilrettelagt tilsette kan utføre arbeidsoppgåvene. Tilretteleggar har også ansvar for å sørge for eit godt arbeidsmiljø og kvalitet i tenestene. KvalifikasjonskravPraktiske ferdigheiter/erfaring vil vektleggast
Gode samarbeidsevner
Evne og erfaring med å arbeide med ei variert gruppe av menneskjer med ulike behov og ferdigheits nivå
Krav til sertifikat klasse B
Ønskeleg med sertifikat klasse T og truckførarbevis.
Stor fordel med kjennskap til digitale samhandlingsverktøy.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyrEin krevjande, men spannande og meiningsfull jobb.
Inkluderande arbeidsmiljø
Gode påverkingsmoglegheiter
God pensjonsordning
Lønn etter avtale
Gode moglegheiter for kompetanseheving og etterutdanning
Arbeidsstad: Kviteseid.
Vi gjer merksam på at det er krav om politiattest ved tilsetting. Denne skal ikkje leggast ved søknaden.Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Søknadsfrist 19 des. 2024.
Stillinga er ledig fom 01 februar, men kan også bli aktuelt med oppstart tidligare om ønskeleg.
Søknad med CV sender du til dagleg leiar Torbjørn Blichfeldt Dyrland på e-post: torbjorn.dyrland@kvito.no
Ynskjer du meir informasjon om stillinga kan du ringe dagleg leiar
på tlf: 93261670
Om bedriften
Om oss
Kvito As er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Vest-Telemark. Vi bygger på lang erfaring frå dei tidlegare bedriftene Vinje Vekst, Vito Kompetanse og Kviteseid Arbeidssamvirke, som i 2012 fusjonerte og blei til Kvito AS. Vi har avdelingar i Vinje, Kviteseid, Tokke, Nissedal og Fyresdal.
Frå 01 januar 2023 blei vi også ein del av Kopano som er ei landsdekkjande kjede av leiande arbeids og inkluderings bedrifter i Noreg.
Gjennom våre ulike tiltak ynskjer vi å vera ei bru til arbeidslivet, i nært samarbeid med den enkelte jobbsøkjar, NAV og næringslivet.
Sektor
Privat
Nettsted
Facebook
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2805977
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4685f5b2-0910-4392-9f91-034df7cf06d0