Klubbarbeidar ved Dalen ungdomsklubb frå 01.09.2024
KLUBBARBEIDAR VED DALEN UNGDOMSKLUBB, 20 % FAST STILLING
Tokke kommune har ledig 1 fast stilling i 20% som klubbarbeidar ved Dalen ungdomsklubb, frå 01.09.24.
Dalen ungdomsklubb er ein aktiv fritidsklubb for ungdom f.o.m. 8. klasse. Ungdomsklubben held til på Elvarheim ungdomshus, og er open på ettermiddags- og kveldstid.
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med relevant bakgrunn kan også søkje.
- Aktiv, trivast i høgt tempo
- Fleksibel
- Godt humør
Me tilbyr:
- Ein aktiv arbeidskvardag saman med flott ungdom
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad sendast på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
For meir informasjon, ta kontakt med klubbleiar Tor Øystein Gravdal, tlf. 97 53 98 09.
Søknadsfrist: 10. april 2024
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.