Deltidsekspeditør
Vinmonopolet
Stolvstadvegen 2, 2360 Rudshøgda
Om jobben
Stillingstittel
Deltidsekspeditør
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel?
I butikken vår på Rudshøgda er vi eit team med dyktige ekspeditørar som kvar dag jobbar for å sikre det beste kundemøtet. Vi søkjer ein serviceorientert, blid og engasjert kollega til å utfylle teamet vårt – er dette deg?
Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 6 timar i gjennomsnitt per veke. Saman med kollegaene dine skaper du gode kundeopplevingar, og de jobbar best saman som lag!
Kva kan vi tilby deg?Vi er først og fremst hyggjelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering
- Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur
- Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen
Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar (for medlemskap krevst minimum 20 % stilling)
- Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre
- Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar
- Kassaarbeid og varehandtering
- Diverse butikkarbeid
Personlege eigenskapar:
Du er blid og serviceinnstilt og brenn for å gi det beste kundemøtet. Du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert. Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske. Som person er du ein lagspelar og jobbar godt i team. Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk.
For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar. I tillegg bør du ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande). Det er ein fordel om du har interesse for mat og drikke.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Janne Sjåvik på tlf. 992 96 247 eller e-post janne.sjavik@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.Søknadsfrist: 01.11.24
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Du må vere over 20 år for å jobbe hos oss, men elles ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og livserfaring og ulike perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysingar.
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern
Om bedriften
Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol. Vi er den største vinbutikken i verda, med vel 35 000 produkt, og har einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, fordelte på nærmare 350 butikkar, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil vere med å ta vare på det gode omdømmet vårt og bidra til at vi held fram med å vere ein faghandel i verdsklasse.Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.
Sektor
Offentlig
Nettsted