Lærar - Elektro og datateknologi Vg1 og Vg2 El-energi og ekom
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - Elektro og datateknologi Vg1 og Vg2 El-energi og ekom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. november
Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 520 ungdommar og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.02.2025 har vi ledig stilling som faglærar i elektrofag.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i aktuelle programfag på vg1 og vg2 etter kompetanse og behov.Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.
Flora vgs har VG1 Elektro og datateknologi og VG2 El-energi og ekom.
Kvalifikasjonar
Relevant fagbrev og praksis innan faget.Gode tekniske og faglege ferdigheiter, brei erfaring frå installasjonsarbeid og arbeid med elektronisk kommunikasjon.
Kompetanse innan IT og relevant programvare.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til lokalt næringsliv.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår. Ved manglande pedagogisk og/eller fagleg kompetanse vil det bli lagt til rette for etterutdanning
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide medungdom og er ein god rollemodell for ungdom som ønskjer ei karriere fagområdet.
Du må framstå som ein vaksen, trygg og tydeleg leiar i klasserommet/verkstaden.
Som lærar må du vere besvisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
Evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Vilje og evne til utvikling.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kunne arbeide strukturert og systematisk og ha kjennskap og erfaring med tidsriktig planlegging av arbeidsflyt i næringa.
God digital kompetanse også i digital teikning.
Variert og omfattande erfaring knytt til elektro og datateknologi, el-energi og ekorn og kjennskap til lokalt næringsliv.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Søknadsfrist: 24.11.2024
For meir informasjon om stillinga kantakt avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy tlf 918 72 726 eller kst.rektor Lars Anders Nybu tlf 41 53 06 04
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)Arbeidsstad
Professor Gjeldsviksv 226900 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4884454585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Lars Anders Nybu
Rektor ( vikariat)
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789619
- Hentet fra
talentech
- Referanse
45229ea481aa4673af241aec458be30e