Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)
Vang kyrkjeleg fellesråd
Tyinvegen 5175, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Stillingstittel
Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)
Type ansettelse
Fast, deltid 60.%
Antall stillinger
2
Me ynskjer å tilby ei kombinasjonsstilling som organist og trusopplærar. Det er og mogleg å søke på berre ei av stillingane, men dette må komme tydeleg fram i sjølve søknaden.
Det er ledig stilling som organist i 60 % frå 01.05.2024
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang? Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, fleksibilitet i arbeidet, eit godt arbeidsmiljø og i tillegg; eit variert lokalt musikkmiljø. Organisten går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.Aktuelle arbeidsoppgåver
- Lede og videreutvikle det kyrkjemusikalske livet i meinigheita
- Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, i tett samarbeid med soknepresten og den øvrige staben
- Samarbeid om trusopplæringa, og samarbeid mellom kyrkja og skulen i Vang
- Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
- Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette
- Utarbeide kyrkjemusikalsk plan
- Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet
Ynskja kvalifikasjonar:
- Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
- Allsidige orgel- og pianoferdigheiter, gjerne også andre instrument
- Kjennskap til norsk gudstjenestetradisjon og liturgi
- Kompetanse og erfaring med kor og musikalsk arbeid for barn og unge
Det er og ledig stilling som trusopplærar i 20 % frå 01.05.2024
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon med trusopplæring i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Trusopplæraren går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.Aktuelle arbeidsoppgåver- Planlegging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med trusopplæringsplanen vår
- Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige
- Publisering og markedsføring
- Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet
- Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Følgande punkt gjeld begge stillingane
Personlege eigenskapar:- Du har initiativ og gjennomføringskraft
- Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
- Du har evne til å motivere, inkludere og sjå frivillige som en viktig ressurs
- Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
- Du trives med kvelds- og helgejobbing
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
- Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
- Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
- I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
- Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd
- Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
- Eit godt arbeidsfellesskap
- Løn etter KA’s tariffavtale
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- 6 månaders prøvetid
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Annet
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
- Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320 eller il597@kyrkja.no
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter, innan 1.april 2024.
Me ynskjer og å opplyse om at det blir utlyst ei stilling iløpet av våren som dirigent for brassbandet Fjellblom musikklag, med inntil 20% stilling.
Ved spørsmål vedrørende stillinga, ta forbindelse med; Jon Eggen, mob. 901 86 731
- Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc.
- Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet.
- Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter.
- I Vang er SFO gratis for alle barn! Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling.
- I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift.
- Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!
- Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.
- I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule.
- Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres: https://www.vangivaldres.no/
- Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids - og bumarkedet i Valdres finn du på VelgValdres: https://www.valdres.no/velgvaldres
Kontaktinformasjon
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, +47 90242171, sh466@kirken.noIngebjørg Vik Laugaland, Sokneprest, +47 92653320, il597@kyrkja.no
Arbeidssted
Tyinvegen 51752975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang kyrkjeleg fellesrådReferansenr.: 4771646852
Stillingsprosent: 60, 20%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2024
Om bedriften
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.
Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje.
Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, trusopplærar, kyrkjetenarar, klokkarar, reinhaldarar, kyrkjegardsarbeidar og organist.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2569508
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c471677f731a4780a25d33895cdf3771