Controller
Vi søker etter controller!
Vik Ørsta søker etter ein fagleg sterk controller med hovudansvar innanfor analyse, rapportering og oppfølging av fabrikkane våre. Tenker du det kan vere spennande med ein variert kvardag som gir deg moglegheit til å kome nært på produksjon?
Då er det kanskje deg vi ser etter! Vi har behov for ein strukturert, engasjert og dedikert controller som kan vere ein aktiv bidragsytar i vidareutvikling og formalisering av rapporteringsrutinar, analysar og budsjettarbeid.
Om stillinga
Stillinga byr på utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og ansvar:
- økonomirapportering i samarbeid med økonomiavdelinga.
- drive budsjettprosessar.
- vidareutvikling av rapportbygging i ERP-system.
- økonomisk oppfølging av forretningsdrift og produksjon.
Kven vi ser etter
Vi ser etter deg som:
- er nøyaktig.
- ynskjer å automatisere og forenkle prosessar.
- kan kommunisere flytande på engelsk i tillegg til norsk.
Det er ein fordel om du har minimum bachelor innanfor økonomi eller liknande. Stillinga inkluderer også ein del rapportbygging, så erfaring frå PowerBI er ein fordel.
Om søknaden
Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida. Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt gjerne økonomisjef Andreas Røren, tlf. 907 78 112.
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!
75 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 75 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Om bedriften
Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 270 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no
Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com