Tilkallingsvikar sjukepleiar pasienthotellet
Vil du vere med på laget?
Ønsker du ein variert kvardag saman med kjekke kollegaer, kan du vere den rette kandidaten for oss.
Ved Åse hotell har vi pasientar frå ulike avdelingar på sjukehuset, pasientar som går til poliklinisk behandling og andre gjestar. Dagane og oppgåvene er varierte og det er ein fordel om du har erfaring med ulike pasientgrupper, men ikkje eit krav.
Åse Hotell, pasienthotellet, har behov for tilkallingsvikar som kan ta nattevakter. Hotellet er bemanna med ein sjukepleiar på natt. Vi har drift mandag til fredag, stengt i helger og høgtider, og det er ikkje helgearbeid knytt til stillinga.
Arbeid på enkeltståande helligdagar kan forekomme.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Betjene resepsjon/booking
- Oppfølging av inneliggande og polikliniske pasientar
- Samarbeid med andre seksjoner og tilsette
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Ønskeleg med erfaring fra ulike pasientgrupper
- Beherske dataverktøy godt
- Beherske norsk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som vil vere med på å utvikle hotellet vidare
- Du er positiv, god på samarbeid, kan jobbe sjølvstendig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nøyaktig, fleksibel, utadvendt, serviceinnstilt og trivast i eit lite miljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Julianne Reitan Hagerup, Seksjonsleiar, +47 41310694, Julianne.Reitan.Hagerup@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 76017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4790307279
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 09.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal