Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Helse- og velferd, Gloppen kommune
6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. juni
Ynskjer du å bidra med fagleg kompetanse og engasjement for pasienten og tenesta? Då er du den vi leitar etter!
Helse og velferd lyser ut fast stilling i 100 %. Stillinga vil vere knytt til Hyen heimeteneste og vi ønskjer ein sjukepleiar, evt. helsefagarbeidar. Vi vil også vurdere å tilsette pleiemedhjelpar om det ikkje vert søkjarar med utdanning.
Hyen er ei bygd i Gloppen kommune med vill og vakker natur kring Hyefjorden. Her er det spennande bedrifter som blant anna satsar og utviklar seg innan fiskeoppdrett og båtproduksjon. Det byggast ny skule som står klar hausten 2025.
Hyen er eit av tre område i Gloppen heimeteneste. Vi har ei god samasetning av uike faggrupper som yter gode tenester til pasientane våre. Avdelinga driftar i tillegg Løkjatunet med åtte omsorgsbustader.
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ein variert arbeidskvardag og eit inkluderande team.
Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie, administrering av medisinar, sårstell, tilrettelegging og rettleiing.
- Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Tverrfagleg samarbeid med andre fagpersonar
- Rettleie og undervise studentar, lærlingar og kollegaer
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
- Ønskjer deg som er oppteken av fagutvikling og ser moglegheitar.
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis.
- Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar i ein variert arbeidsdag.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Oddrun Ommedal, Avdelingsleiar Hyen heimeteneste, 957 78 772Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4787788869
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Oddrun Ommedal
Avdelingsleiar Hyen heimeteneste
957 78 772
Cecilie M. Helgheim
Tenesteleiar heimetenesta
+47 472 60 601
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2606018
- Sist endret
13. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2a49de9d10a041b5860c2a9913561002