Spennande jordmorstilling i Odda
Barsel og gynekologi eining, Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Jordmor
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi kan vere fleksible på stillingsprosent og du har stor påverknad på eigen turnus i kalenderplan.
Jordmortenesta har ansvar for svangerskapskontrollar for gravide i Ullensvang kommune. Vi følger opp ca 100 gravide kvart år. Odda sjukehus har ikkje fødeavdeling men jordmor har heimevakt for å ivareta beredskap og følgeteneste av fødande til fødeavdeling ved Haugesund sjukehus. Avdelinga har eit føderom for å kunna ta hand om akutte fødslar. Vi har barselavdeling og barselpoliklinikk for mor og barn. Jordmortenesta er prega av høg kompetanse med fokus på faglege og dyktige medarbeidarar.
I dag er me 4 jordmødre og 4 barnepleiarar som jobbar ved avdelinga.
Det er svært godt samhald og samarbeid mellom jordmødre og barnepleiarar. Vi behandlar kvarandre, pasienter og pårørende med kvalitet, trygghet og respekt. Vi har eit godt arbeidsmiljø, der alle bidreg for å bevare og vidareutvikle arbeidsplassen.
Ta gjerne kontakt med meg for ein uformell prat: Britt Elin Opheim Lutro tlf: 46957739/95557820Arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid med Ullensvang kommune
- Svangerskapsomsorg/ jordmorkontrollar
- Barselomsorg
- Tverrfagleg poliklinikk med fysioterapeut tilknytt avdelinga
- Oppfølging av gynekologiske pasientar
- Heimevakt med beredskap- og følgjeteneste
- Dokumentasjon i ulike kliniske system er ein viktig del av jobben som jordmor
- Tett dialog med gynekologar, jordmødre og barnelegar ved Haugesund sjukehus.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Krav at du har erfaring frå barsel- og fødeavdeling
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- viser fleksibilitet og har oversikt
- trivast i et aktivt og travelt miljø
- er motivert til fagleg utvikling
Vi tilbyr
- Fagdagar og hospiteringsdagar ved fødeavdelinga på Haugesund sjukehus innlagt i kalenderplan
- Faste dagar med simulering i avdelinga
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Britt Elin Opheim Lutro, Funksjonsleder, 46957739, britt.elin.opheim.lutro@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4874429341
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2772098
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ac12240412a443f190b5bdea7099fd8f