Kontormedarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4259650559 Presentasjon av stillingen:
Tysnes skule har fått ledig ei fast stilling som Konsulent med merkantile arbeidsoppgåver i administrativ stab. Som konsulent på Tysnes skule vert du ein viktig medspelar både mot leiinga, lærarane, elevar og andre. Nokre av oppgåvene gjeld også for Uggdal og Onarheim skule, t.d. skuleskyss.
Arbeidsoppgåver
- Sentralbord, post og frontservice for tilsette, elever og foreldre
- Posthandsaming- og fordeling
- Økonomi- og budsjettarbeid
- Ansvarleg for organisering med skuleskyss og busskort
- Elevregistrering i Visma
- Arkivering
- Førefallande kontorarbeid
- Andre oppgåver kan leggast til stilling ut frå søkjar si kompetanse
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan kontor- og administrasjon
- IKT-kompetanse i bruk av digitale løysingar, gjerne med erfaring frå Visma
- God forståing med økonomi- og budsjettarbeid
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skrifleg
- Personlege eigenskapar vert tillagt vekt
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som leverer kvalitet i dei arbeidsoppgåvene du utfører, gjennom å vere nøyaktig, strukturert og effektiv. Du tek ansvar, er fleksibel og løysingsorientert. Det er viktig for oss at du er målmedviten og sjølvstendig, men likevel ikkje redd for å be om hjelp eller gje hjelp. Me ser etter deg som vil vere ein lagspelar, med gode gjennomføringsevner.
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 80 %
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Høve til å påverke og utvikle innhaldet i stillinga
- Hyggelege og engasjerte kollegaer
- Løn etter gjeldande regulativ
- Pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Synnøve Vines, Undervisningsinspektør, 910 01 590, synnove.vines@tysnesoppvekst.no
Kari Pettersen, Rektor, 911 25 493, kari.pettersen@tysnesoppvekst.no
Arbeidsstad
Tysnes skule
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4259650559
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.