Vernepleiar - vikariat
Bukollektiva, Sula kommune
Sloghaugvegen 28, 6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar - vikariat
Oppstart
1. juli 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 93%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Bukollektiva har ledig vikariat i 93% stilling for vernepleiar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 i samband med at ein våre tilsette skal ha svangerskapspermisjon. Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Vikariatet er ledig frå 1. juli 2024, evt anna dato for oppstart etter avtale.
Vi søker primært etter vernepleiar, men opner for at andre og kan søke.
Søknadsfrist 31. mars
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane.
Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.
Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg og det er nært samarbeid.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Arbeidsoppgåver
Seniorsenteret
- Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressursar.
- Vere bindeledd mellom senteret og andre samarbeidspartnarar, tenestemottakarar og pårørande.
- Utarbeide planer ifht aktivitetar
- Praktisk hjelp til tenestemottakarane
- Nært samarbeid med fagleiar for Seniorsenteret
Sloghaugvegen 28
- Praktisk hjelp
- Medisinhandtering
- Nært samarbeid med pårørande og lege
- Palliasjon
- Planarbeid
- Tilpassa aktivisering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar
- Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
- Gode datakunnskaper
Personlege eigenskapar
Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert,kreativ, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for tenestemottakarane, kollegaer og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel både med kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- God opplæring og nær-ledelse
- Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling
- Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Oppgi referanser
Krav om politiattest
Kontaktinformasjon
maria nordbø solevåg, Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28og Seniorsenteret, 90761914, maria.nordbo.solevag@sula.kommune.noCecilie Ørjasæter, Einingsleiar, +4791596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Sloghaugvegen 286030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4779626506
Stillingsprosent: 93%
Vikar
Startdato: 01.07.2024
Søknadsfrist: 31.03.2024
Om bedriften
Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg.
FacebookSeniorsenteret er eit forebyggande tiltak som gjer at eldre kan bu lenger heime. Gjennom sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar ønskjer vi å legge til rette for gode opplevingar. Personalgruppa er tverrfagleg med kompetanse innan helse og aktivisering.
FacebookAnnonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2587295
- Sist endret
1. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f3443c13c2c7429388a0b6f3e8700580