Ambulansefaget: læreplass 2022-2024
Org. nr: - Stillingsident: 4472144213 Presentasjon av stillingen:
LÆREPLASS AMBULANSETENESTA I HELSE FØRDE
Ambulansetenesta ligg i avdeling for akuttmedisin i Kirurgisk klinikk. Tenesta har ansvar for ambulansetenester i Helse Førde sitt dekningsområde, delt på 20 stasjonar.
Ambulansetenesta søkjer for hausten 2022 etter entusiastiske og motiverte lærlingar i ambulansefaget. Vaksenlærlingar som kan dokumentere gjennomført eksamen og læretid ned til 24 månadar, kan og søkje på læreplass.
Helse Førde vil ta imot inntil 6 lærlingar fordelt på våre større stasjonar i Sogn og Fjordane fylke.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og fysiske testar. Fysiske testar må vere bestått før ein får tilbod om lærekontrakt.
Vi oppmodar søkjarar om å beskrive ønskje om lokalisasjon for læreplass fordelt etter Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene går i å utføre ambulanseoppdrag i vaktperioden, samstundes som å utnytte ledig tid til vedlikehald og fagleg utvikling i form av e-læring, praktiske øvingar og teortisk fordjuping.
Kvalifikasjonar
- Bestått eksamen fra VK1 ambulansefag eller tilsvarende kompetanse
- Dokumentere behov for læretid og tal månader (vaksenlærling)
- Førerkort klasse B, eller inneha dette før verdiskapinga tek til
- Stette helsekrava for førekort klasse D
- Personleg eigna for yrket (referansar)
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
- Kunne bruke pc og officeprogram som arbeidsverktøy
- Plettfri vandel (god orden og adferd)
- Bestå dei fysiske krava for tenesta
- Politiattest krevst før tilsetting i stillinga etter lov om Helsepersonell § 20a.
Utdanningsretning
- Ambulansefag
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskapar
- Initiativ og engasjement i arbeidskvardagen.
- Vi vektlegg karakterar, samd fråversdokumentasjon
- God fysisk og psykisk helse.
- Tidlegare arbeid / praksis
- Motivasjon
- Evne til samhandling og samarbeid
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Vi tilbyr to år læretid i vakker og storslått natur kor oppdraga i stor grad fylgjer årstidene med stor variasjon og spennvidde
- Rettleiing til lærlingar med eigen lærlingansvarleg og eigne lærlingsamlingar både for første og andreårs-lærlingar
- Undervisning og oppfølging av eigen kompetanseseksjon i ambulansetenesta.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Etter endt læretid er det lyse utsikter for jobbtilbod i ambulansefaget
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
John Andor Ellingsund, Avdelingsleiar, (+47) 415 30 506
Kjartan Heggø, Områdeleiar, (+47) 415 30 507
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 1
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4472144213
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.04.2022
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.