Ledig stilling
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar til KAD-avdeling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. februar
Lærdal kommune skal etablera kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu- og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me fleire sjukepleiarar.
KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatta innlegging i sjukehus. KAD skal etablerast ved institusjonen Lærdal bu- og omsorgsheim, frå mai 2025.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning/vernepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.Du vil arbeida i team, saman med sjukepleiarar/vernepleiarar, der stillinga er kombinert med vakter i institusjon eller heimebasert omsorg. Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak.
Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Er dette deg?- Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og gode haldningar
- God observasjonskompetanse
- Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
- Teknisk god på sjukepleiarprosedyrar
- Evne til å arbeida i eit hektisk miljø
- God til å arbeida både sjølvstendig og i samarbeida med andre
- God på skriftleg og munnleg dokumentasjon
- Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla seg vidare
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
- relevant erfaring vert vektlagd
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning
- Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2833944
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3451985_228185_nn