ID 1677 Faste stillingar som helsefagarbeidarar -- Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har ledig 2 x 100% stilling for helsefagarbeidar med fagskule frå 01.04.21. Det er ledig 1 stilling for helsefagarbeidar med fagskule/vidareutdanning i rehabilitering, knytt til avdeling Gullberg og 1 stilling for helsefagarbeidar med fagskule/vidareutdanning i psykisk helsearbeid knytt til avdeling Vikjo. Stord sjukeheim har 97 pasientar fordelt på 5 avdelingar. Ledig stilling i avdeling Gullberg er i hovudsak i gruppe med korttidspasientar, der pasientar er inne for opptrening etter sjukdom, utgreiing eller avlasting. Avdelinga har 23 pasientar, fordelt på 3 grupper. Korttidsgruppa har i dag 9 pasientar. Den andre stillingen er i avdeling Vikjo som er ei avdeling der vi legg vekt på å ha god kompetanse på psykiske lidingar. Avdelinga har 18 pasientar.
Begge stillingane har turnus med arbeid kvar tredje helg.
Me ynskjer å knytte til oss deg som har erfaring frå og/eller interesse for arbeid med eldre. Du må vere fagleg engasjert og trygg, ha godt humør og ha lyst til å vere med å utvikle avdelingane saman med avdelingssjukepleiar og dei andre dyktige tilsette.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar med fagskule innan rehabilitering og psykisk helsearbeid. Helsefagarbeidarar eller andre med helsefagleg utdanning, som har relevant vidareutdanning eller erfaring kan vurderast.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingane er:
Ida Elin Hatlevik Tvedt, avdelingssjukepleiar Gullberg, tlf 53404473 eller 53454532
Marit Hetlesæter, avdelingssjukepleiar Vikjo, tlf 53404475 eller 53454362
Esther Aasen Bjelland, einingsleiar, tlf 97552097
Søknadfrist: 28.02.21