100% vikariat sjukepleiar
Bygland Kommune, Pleie- og omsorg
Sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
Stillingstittel
100% vikariat sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
I eining for pleie og omsorg har vi ledig eit 100% vikariat i tidsrommet 01.06.23 - 31.08.24, med moglighet for forlenging. Arbeidsstad er for tida Byglandsheimen.
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som kan bidra til å styrke våre team av kunnskapsrike og dyktige tilsette. Eininga er inne i ei spennande omstilling og den som vert tilsett får ta aktivt del i denne.
Stillinga har 3-delt turnusvilkår med arbeid kvar 3.helg samt 4 netter i 6 vekers turnus.
Andre spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Kristina Ose tlf. 995 30 799 eller epost kristina.ose@bygland.kommune.no
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiarfagleg ansvar og oppgåver.
- Vere primærsjukepleiar for brukarar.
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak.
- Bidra med kompetansehevande kollegavegleiing, undervising og rettleiing av anna personale, brukarar, pårørande og evt andre som har behov for det.
- Utøvande arbeid i forhold til brukarar, pårørande, leger, sjukehus og andre.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Tilfredsstillande norsk-kunnskapar
- Gyldig politiattest må kunne leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner - er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
- Evne til nytenkning.
- Evne til å opptre sjølvstendig og er initiativrik, fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
- Er utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst.
- God kjennskap til bruk av IKT.
- God til å formidle både skriftleg og munnleg.
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn jamfør sentral tariffavtale og rekrutteringstilskot som gir ei samla løn tilsvarande full ansiennitet
- Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
- Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
- Bygland kommune har eigen bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
- Medlemskap i KLP.
- Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.
Kontaktinformasjon
Leif Sigurd Helle, Tenesteleiar Pleie- og omsorg, 95052813, leif.sigurd.helle@bygland.kommune.noArbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4655452286
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2023
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2322759
- Sist endret
1. juni 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f4c69c5006a643faac0a48f9783e5990