Ferievikar
Org. nr: - Stillingsident: 4468325999 Presentasjon av stillingen:
Arbeid og inkludering i Austrheim kommune er på jakt etter positive og læringsvillege ferievikarer i tidsrommet frå og med 20 juni 2022 til og med 20 august 2022. Det er fint om du kan jobbe 80-100% stilling i minimum 5 veker i dette tidsrommet. Arbeidet inngår i turnusordning (dag/ kveld) med arbeid kvar 2. eller 3 helg.
Arbeid og inkludering er ei teneste for mennesker med nedsett funksjonsevne, mellom anna Vestlia med 13 leilegheiter og ulike tiltak.
I søknaden er det viktig at ein skriv kva tidsperiode ein er disponibel og kor stor stillingsstorleik ein ynskjer å jobbe.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid og tilrettelegging
- Heilhetleg omsorg
- Søtte og hjelp i alle daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som er student i helsefag, eventuelt helsefagarbeider eller vernepleier/ sjukepleier, men det er ikkje eit krav.
- Gyldig politiattest
- Kunnskap om bruk av dataverktøy
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Søkjarar bør ha førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du trives med mennesker
- Er positiv og læringsvillig
- Jobber sjøvstendig, men har gode evner til å samarbeide med andre
- Er trygg på deg sjølv, stabil, fleksibel, løsningsorientert og bidrar til å motivere andre
- Trives i eit aktivt miljø og takler uforutsigbarhet i forhold til arbeidsbelastning og arbeidsoppgaver
Vi tilbyr
- Gode kollegaer med godt humør
- God opplæring
- Eit godt fagmiljø
- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk
- God pensjonsordning i KLP.
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Britt Silvia Erstad Marøy, Arbeid og inkludering, 48480866, britt.silvia.erstad.maroy@austrheim.kommune.no
Arbeidsstad
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Austrheim kommune
Referansenr.:4468325999
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 20.06.2022
Sluttdato: 20.08.2022
Søknadsfrist: 30.04.2022
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!