ID 1939 Reinhaldsoperatørar - Tekniske tenester
Eining for tekniske tenester skal ivareta eigaransvaret for Stord Kommune sine eigendomar og bygg, og sikra at dei verdiar som er nedlagt vert ivaretekne.
Reinhaldsavdelinga har ansvar for og ivareta reinhaldet av kommunale og leigde bygg etter NS Insta800, samt yte god service til brukarar etter dei økonomiske rammer som er tildelt. I areal utgjer det i overkant av 83200 m2. Eit godt arbeidsmiljø er viktig for oss. I avdeling reinhald er det difor viktig at ny-tilsette er gode på samarbeid og dialog, er hjelpsame og rause, pliktoppfyllande og trives i eit hektisk miljø der ingen dagar er like.
Eininga har ledig fleire faste stillingar i storleiken 53,34% - 50% - 46,67% - 26,67%, som reinhaldsoperatør med relevant fagbrev og/eller lang praksis innan fagområdet.
Stillinga omfattar dagleg og periodisk reinhald av kommunale bygg. Tilsett må kunne starte kl. 06:00 og arbeide alle vekedagar.
Personen me er ute etter har fylgjande kvalifikasjonar:
- Fagbrev innan nemnde fagområde
- Førarkort kl. B
- Lang relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode norsk kunnskapar
- Kan disponera eigen bil
- Initiativrik og sjølvstendig
Me kan tilby:
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
- Avtale om bruk av privat bil i kommunal tjeneste
- God pensjons- og forsikringsordning
- Ein spanande jobb med faglege utfordringar
- Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv organisasjon med eit uformelt arbeidsmiljø
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal og hytte ved sjøen
- Opplæring vil bli gitt.
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Nærare opplysningar om stillinga hos avd. leiar Tove Elin Anglevik Simonsen, tlf. 932 68 889
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.