Folkehøgskule + sosiale media = Draumejobb i Ørsta
Møre Folkehøgskule
Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Er du god på sosiale media, trivst i eit sosialt miljø og har hjarte for ungdom? Då kan dette vere jobben for deg!
Stillingstittel
Marknads- og internatkoordinator
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:· Har interesse for sosiale media og marknadsføring
· Er omsorgsfull, god på relasjonar og trivst med unge menneske
· Likar ein variert kvardag med både praktiske og administrative oppgåver
· Er initiativrik og grip sjansen når det er rett, men som også kan vere strukturert når det trengs
· Har relevant høgare utdanning (ønskjeleg, men ikkje eit krav)
Arbeidsoppgaver
Er du god på sosiale media, trivst i eit sosialt miljø og har hjarte for ungdom? Då kan dette vere jobben for deg!
Arbeidsoppgåver:· Marknadsføring med hovudvekt på sosiale media
· Oppfølging av søkjarar og elevar
· Skape eit trygt og godt internatmiljø
· Avdelingsleiar for reinhald og ansvar for opplæring og oppfølging av elevane sine reinhaldsrutinar
· Kontakt med samarbeidspartnarar i lokalmiljøet
· Moglegheit for undervisning i valfag
Vi tilbyr
Vi tilbyr:· Ei spennande og variert stilling i eit levande folkehøgskulemiljø
· Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
· Løn etter avtale og god pensjonsordning i SPK
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Møre Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule i hjartet av Sunnmøre, midt mellom majestetiske fjell og djupe fjordar. Skulen ligg sentralt i Ørsta, med unike moglegheiter for eventyr både til lands og til vanns. Vi har om lag 90 elevar fordelt på 5-6 spanande linjer, der fellesskap, opplevingar og læring står i sentrum. Elevane bur på skulen sitt internat, noko som skapar eit levande og inkluderande miljø.
Etablert i 1899, er vi ein sjølveigande stifting med ei lang historie -- og vi ser alltid framover. Her får du vere med på å forme framtida til ein skule der engasjement, samhald og opplevingar står i fokus!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2858157
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
42d06078-f934-4269-89d5-da56d7c64cf8