Lege i spesialisering mamma/endokrinologi og urologi
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering mamma/endokrinologi og urologi
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling Ålesund?
Vi driv aktivt med forsking, 3 overlegar har doktorgrad. Vi er den største kirurgiske avdelinga i HMR og har mellom anna ansvar for kar- og mamma endokrinkirurgi samt nyrekirurgi for heile fylket. Det utførast colorectalkirurgi med ca. 50 operasjonar for cancer recti og ca. 120 for ca coli per år. Vi er pt 15 overlegar, 11 LIS 2/3 og 14 LIS 1.
Vi har følgjande ledige stillingar:
LIS urologi vikariat - 1 år, oppstart etter avtale
LIS mamma endokrinkirurgi - frå 01.09.24 i 6 månader
LIS kirurgi vikariat - frå snarast t.o.m 01.03.25
LIS kirurgi vikariat - frå 01.03.25 i 6 månader
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk, operasjonar
- Inngå i LIS 2/3 vaktskift, delte vaktdøgn, for tida 9 delt vakt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, må legge ved søknadsblankett for legestillingar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Det å vere personleg egna vil bli vektlagt
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Valborg A. Bakke, Seksjonsleiar / Kirurgiske legar, +47 70105167, Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4802612807
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.05.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2635556
- Hentet fra
talentech
- Referanse
574a6ca7e9824c52936a04917a1c693d