Barne- og ungdomsarbeider
Ådalen barnehage, Time kommune
Theodor Dahls veg 68, 4355 Kvernaland
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Ved Ådalen barnehage i Time kommune er det ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.10.24, i tillegg treng med gode tilkallingsvikarar å ringa ved sjukdom.
I Time kommune arbeider me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Dette er noko me ikkje kan løysa aleine. Me skal saman med føresette og dei andre tenestene i kommunen arbeida for å oppnå dette.
Ådalen barnehage er ein kommunal barnehage som stod ny hausten 1995 og totalrenovert i 2005. Barnehagen har fire avdelingar kalla opp etter stadar på Kvernaland; Blåberget, Trikanten, Litlaberget og Knatten, samt eit stort og flott uteområde. Her er det plass til 62 barn. Barnehagen har høg dekning av barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar.
For meir informasjon om oss, sjekk ut vår heimeside
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av det daglege arbeidet på avdeling
- Vera med å lage gode dagar og eit trygt og godt barnehagemiljø
- Bidra i arbeidsmiljøet for å gjera kvarandre gode
- Samarbeid med føresette
- Leike, og bidra til at alle barna blir inkludert i leiken
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider
- Erfaring frå barnehage
- Personleg eignetheit blir vektlagt
- Gode norskkunnskaper
- Andre fagbrev og/eller erfaring frå barnehage kan vurderast til vikariat og vert oppfordra til å søke
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Elisabeth Ree, styrarArbeidsstad
Theodor Dahls veg 684355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4843817084
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.09.2024
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2719571
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8bc612a0e1144ee0ac8005c87277b7c0