Off. godkjent sjukepleiar
Heimetenesten
Dalevegen 26, 6153 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi har fokus på å støtte opp under brukar sine eigne ressursar for at dei skal kunne leve mest mogleg sjølvstendige liv.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar.
Stillinga er pr. i dag i plassert i heimetenesten på Bakk-Ola-marka.
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Stillinga vil då gå inn i eit sjukepleiarteam. Tilsette kan få jobbe inntil 14 timars vakter på helg og i vekene. Det kan vere med å gi fleksible friperiodar.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
- Du må ha førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nytta nynorsk i all skriftleg kommuneikasjon.
Personlege eigenskapar
- Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
- Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- Du er engasjert, løysingsorientert
- Søkjer faglege utfordringar
- Tek initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 GR2 - stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 - Sjukepleiar
Vi tilbyr rekrutteringstilskot med bindingstid til nytilsette.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Agnieszka Kubon-Rzeszutek, Avd.leiar, 902 19 443, agnes.kubon-rzeszutek@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 266153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4782602872
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med 10 972 innbyggjarar den 5. største kommunen
i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2630464
- Sist endret
11. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0b6be17cf71a49ceac93f3538750d1e4