Lærar ved Uggdal skule
Vil du vere med å forma skulekvardagen hos oss? Har du lyst til å vekkje skaparglede, skape engasjement og stimulere utforskartrong hos elevar? Då er det kanskje deg me søkjer!
Me ønskjer lærarar som har eit positivt elevsyn, som trur på den enkelte elev sitt læringspotensiale og som ser moglegheiter for inkluderande klasserompraksis. Me ønskjer lærarar som er utviklingsorienterte, fagleg sterke og som ikkje er redd for å ta nye utfordringar.
Skulane i Tysnes kommune skal vere ein trygg og god stad for elevar og tilsette. Me jobbar for god, variert og tilpassa opplæring som rustar barn og unge for framtida. Digitale verktøy og ferdigheiter er eit viktig satsningsområde. Skulane har chromebook 1:1 for alle elevar og digitale tavler i alle undervisningsrom. Me nyttar digitale plattformar i undervisninga og i kommunikasjon med forelde.
Uggdal skule er ein barneskule med omlag 110 elevar på 1.-4. trinn. Skulen ligg i Uggdal, og har stort uteområde, samt fine turområder i nærleiken.
Me har ledig ei 100 % stilling med fast tilsetjing. Me er på jakt etter deg som kan være kontaktlærar, som er ein tydeleg, varm og trygg vaksenperson, og som evnar å sjå den enkelte elev.
Me ber om at du spesifiserer kva fagkombinasjon du har i søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein tydeleg og aktiv klasseleiar
- Ha god fagkunnskap og vere ein som kan engasjere
- Sette elevane si faglege og sosiale utvikling i sentrum
- Bidra til å skape endring og utvikling
- Ha god kontakt med elevar og føresette
- Aktiv deltakar i team og kollegasamarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk opplæring etter gjeldande opplæringslov
- Undervisningskompetanse for 1.-7.trinn
- Erfaring frå arbeid i grunnskulen og som kontatklærar
- God kompetanse om læringsleiing, tilpassa opplæring og IOP-arbeid
- Søkjar bør ha gode IT-kunnskap
- Den som vert tilsett må levera gyldig politiattest, jf. opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar
- Du set elevane sin faglege og sosiale utvikling i sentrum
- Du er positiv, fleksibel, løysing- og utviklingsorientert
- Du er fagleg engasjert, raus og inkluderande
- Du evnar å arbeide sjølvstendig i kombinasjon med gode samarbeidsevner
- Det vert tillagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Ein inkluderande arbeidsplass med høg fagleg kvalitet, trivnad og godt humør
- Ein hektisk kvardag saman med flotte elevar og dyktige kollegaer
- Eit godt fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjonsordningar gjennom SPK
- Løn etter kommunalt regulativ
Kontaktinformasjon
Bente Raknes, Rektor , 452 52 954, bente.raknes@tysnesoppvekst.noAud Kaldefoss, Kommunalsjef oppvekst, 934 02 321, aud.kaldefoss@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Dalsvegen 55685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommuneReferansenr.:4517192662
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2022
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km2 og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.