Ergoterapeut - 100 % stilling - Fusa bu- og behandlingssenter
Vi søkjer etter ergoterapeut i 100 % stilling frå 01.08.20.
Dersom du er ergoterapeut og kan tenkja deg å jobba på Fusa bu- og behandlingssenter, hovudsakleg knytt opp mot korttids-/rehabiliteringsavdelinga, er du kanskje den personen vi ønsker til denne stillinga.
Stillinga eignar seg både for ergoterapeut som er ute etter å byggja kompetanse, og for erfarne eroterapeuter som ønskjer nye utfordringar.
Ein vil drive rehabilitering og være ein nøkkelperson retta mot brukaren si meistring og utføring av akiviteter gjennom trening og motivering i kvardagen.
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune.
FBBS består av 2 langtidsavdelingar for personar med demens, 1 langtidsavdeling for somatikk og 1 korttids-/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytta 1 ØHD- plass.
FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.
FBBS ligg sentralt i Eikelandsosen, med utsikt over fjorden. Dei siste åra har institusjonen gjennogått ombygging, fått større og tilrettelagte bebuarom med flotte fargar.
Hovudsakleg vil turnusen være knytta mot rehabiliteringsavdelinga, men me ynskjer å kunne nytte din viktige kompetanse på heile FBBS.
Arbeidsoppgåver:
Pleie- og omsorg.
Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon.
Biståd ved måltid/kjøkkenarbeid.
Kartlegge hjelpemiddelbehov til pasientane.
Bidra inn mot kartlegging av ergonomiske tilpassingar til personalet.
Bistå i pasientforløpet i fht. heimreise og heimebesøk.
Kvalifikasjonar:
Du har autorisasjon som ergoterapeut.
Du er løysningsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Det er ønskjeleg at du har interesse og erfaring innan rehabilitering og eldreomsorg.
Gode evner til observasjon og dokumentasjon.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar.
Spennande og god arbeidplass med godt arbeidsmiljø.
Tverrfaglig samarbeid.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtalar.
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.