Fast 100% undervisningsstilling
Surnadal barne og ungdomsskule (SUBUS) har vil ledig fast 100% undervisningsstilling frå 01.08.2024.
Fagønske:
- tysk
- engelsk
- norsk
- matematikk
Vi bed om at du opplyser om fagkrets i søknadsteksten.
Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillinga.
Vi tilbyr:
- gode arbeidsforhold og trivelege kollegaer
- lønn i tråd med gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjerlse etter reglane i kommunen sin personalplan
Tilsettingsvilkår:
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Surnadal barne og ungdomsskule er ein 1 - 10-skule med 2 eller 3 parallellar per trinn. Det minste trinnet har 35 elevar og det største trinnet har 71 elevar.
1.-7. trinn har 313 elevar og primært for elevar som høyrer til i Nedre Surnadal, kommunesenteret Skei og nærområdet.
Når det gjeld ungdomsskulen har den 191 elevar og han er for alle elevane i Surnadal kommune på trinna 8.- , 9.- og 10. trinn.
I tillegg til det ordinære time og byteplanen har vi i tillegg eit pedagogisk tilbod og samarbeid med "Inn på tunet." Dette er eit tilbod på ungdomsskule. Vi har og eit samarbeid med Surnadal vidaregåande skule i faget arbeidslivs-fag. Vi har fleire samarbeidsprosjekt med den kommunale kulturskulen.