Laboratoriet Stord - Kvalitetsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4401634312 Presentasjon av stillingen:
Laboratoriet Stord har ledig 100% fast dagstilling som kvalitetsleiar. Stillinga inneber kvalitetsarbeid og arbeid i den daglege rutinen. Laboratoriet Stord er eit av seks laboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna, og utfører analysearbeid innan klinisk kjemi og immunologi og transfusjonsmedisin, i tillegg til døgnkontinuerleg drift, tapping av blodgivarar, blodprøvetaking mm.
Laboratoriet er ein triveleg arbeidsplass med høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. For å ivareta og vidareutvikle vårt kvalitetssystem, vil det bli tilsett kvalitetsleiar som og deltar i den daglege drifta av laboratoriet.
Kvalitetsleiar skal vera ein ressursperson innan kvalitetssystemet.
Kvalitetsleiar har hovduansvar for at kvalitetssystemet på Laboratoriet Stord tilfredssstiller krav gitt i NS ISO15189, samt vera ein pådrivar for kvalitetsarbeidet.
Ved evt intern tilsetjing kan det bli ledig stilling som bioingeniør i tredelt turnus. Oppgi i søknad om dette er av interesse.
Arbeidsoppgåver
Utføre delegerte oppgåver frå funksjonsleiar, som vil innebere:
- Vera kjent med krava i ISO 15189 og sørge for at laboratoriet sitt kvalitetssystem tilfredsstiller denne
- Avdekke forbedringsområde i avdelinga og vera løysingsorientert
- Gi råd og veiledning til fagansvarlige, funksjonsleiar og lege i kvalitetsspørsmål
Vera ein ressursperson og pådrivar for kvalitetsarbeidet i laboratoriet i henhold til avdelingen sin strategi og målsetting - Følge opp avdelingens avviksregistrering og avviksbehandling i Synergi, samt lukking av avvik etter delegasjon frå funksjonsleiar og avdelingsleiar.
- Utarbeide prosedyrer for kvalitetsdokumentasjon.
- Veilede ansatte i prosedyreskriving
- Oppfølging av ekstern kvalitetskontroll og sertifisert referansemateriale
- Delta i beslutningsprosessar som angår ansvarsområdet
- Delta på fagmøter, ansvar for gjennomgang av avvik knytta til kvart fagområde
- Samarbeide med fagmiljøa innanfor kvalitetsarbeid.
- Bistå kolleger
- Delta i rutinearbeid på laboratoriet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- For å tiltre som kvalitetsleiar bør ein ha minst 5 års erfaring som bioingeniør innan medisinsk biokjemi
- Vidareutdanning/erfaring innan kvalitetsarbeid kan bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement
- Samarbeidsevne
- Evne til å jobbe stukturert og sjølvstendig
- Leiaregenskapar
- Evne til å ta initiativ
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå.
- Oppfølging og opplæring.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spennande, meningsfull og utfordrande jobb.
- Fagleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, 53491094
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4401634312
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2021
Søknadsfrist: 01.08.2021
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.