PPT søker nye medarbeidarar
Sunnfjord kommune Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog og PP-rådgivarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. februar
PPT (Pedagogisk psykologisk teneste) sitt arbeid er heimla i barnehagelova og opplæringslova. PPT er kommunen sin rådgivande og sakkunnige instans i spørsmål om barn, unge og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp og individuelt tilrettelagt opplæring i barnehage og skule. Arbeidsoppgåvene våre er knytt til barn og unge i aldersgruppa 0-16 år i barnehage og grunnskule. PPT i Sunnfjord kommune støttar og samarbeider tett med barnehagar og skular i det førebyggande arbeidet, med fokus på inkludering. Vi hjelper til med kompetanse- og organisasjonsutvikling i barnehagar og skular, for å gi eit inkluderande tilbod til barn og elevar som kan ha behov for tilrettelegging. Vi kartlegg behova til barn og elevar, og der lova krev det, utarbeider vi sakkunnig vurdering.
Vi har kontor på rådhuset i Førde og er 19 tilsette frå 31-64 år med ulike utdanningar. Vi er ei gruppe aktive og engasjerte medarbeidarar som legg vekt på god brukardialog og tverrfagleg samarbeid. Vi jobbar systematisk med intern fagutvikling.
Vi har ledig stilling som:- Spesialpedagog i kompetanseteamet – 100 % fast stillingPP-rådgivar i barnehageteamet – 100 % fast stilling og 100 % vikariatPP-rådgivar i skuleteamet – 100 % fast stilling
SPESIALPEDAGOG I KOMPETANSETEAMETArbeidsoppgåver:
- Rettleie tilsette i det spesialpedagogiske arbeidet i barnehage og 1. klasse i skulen.
- Kompetanseutvikling med opplæring, kurs og organisasjonsutvikling.
- Bidra til å utvikle det universelle tilbodet slik at alle barn og elevar opplever inkludering og meistring.
- Tverrfagleg samarbeid med andre som gir tenester til same målgruppe.
- Rettleie foreldre.
PP-RÅDGIVAR BARNEHAGE OG SKULE Arbeidsoppgåver:
- Delta i ressursteam i barnehage eller skule.
- Kompetanseutvikling med opplæring, kurs og organisasjonsutvikling for tilsette i barnehage og skule.
- Bidra til å utvikle det universelle tilbodet slik at alle barn og elevar opplever inkludering og meistring.
- Bidra til at tiltak vert sett inn tidleg og er målretta.
- Observere, kartlegge og utgreie barn og elevar.
- Utarbeide sakkunnige vurderingar.
- Konsultasjon, rettleiing og rådgiving.
- Samarbeid med foreldre, barnehagar, skular og hjelpeapparat.
- Sikre barn og elevar sin medverknad der PPT er involvert.
- Profesjonsstudiet/mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller innanfor sentrale fagområde for PPT.
- Erfaring frå arbeid i PPT, barnehage, skule eller andre aktuelle instansar, kan der søkar vert vurdert som særleg eigna, vege opp for kravet om mastergrad.
- Det er ønskeleg med praksis frå arbeid med barn med særlege behov, fortrinnsvis frå PPT, men arbeid i barnehage, skule eller tilsvarande instansar er også aktuelt.
- For PP-rådgivar i skule er det ønskeleg med erfaring frå ungdomsskule.
- Relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivingskompetanse.
- god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
- evne til sjølvleiing, å kunne planlegge arbeid og utgreiingsforløp
- at ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
- evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
- eit kjekt, godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø
- engasjerte kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
- lønn etter avtale
- kompetansetillegg
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppmodar menn om å søke.
For søkarar med anna utdanning enn norsk, krev vi språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden.
Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune. Du må legge fram politiattest før oppstart i stillinga.
Tiltredingsdato kan vurderast om ønskeleg med oppstart før eller etter 01.05.2025.
Velkomen som søkar!
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Rebekka Wilhelmsen Solheim tlf. 57 82 93 00/99 61 05 89 eller på e-post rws@sunnfjord.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Rebekka Wilhelmsen Solheim
+47 996 10 589 +47 57 82 93 00
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843056
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3456545_172565_nn